Vi veit at det ikkje alltid er like lett å bli kjent “på bygda”. Kanskje har du eit nettverk i Lom frå før, kanskje er du heilt ny. Uansett bakgrunn – vi håpar du har lyst til å bli med på ein triveleg kveld i Lom den 10.november!
Programmet er delt i to delar der du sjølv vel om du vil bli med på alt eller ein av delane.
Det startar med ei omvising i sentrum, og blir avrunda med ein middag på Fossheim hotell.
Del 1: Omvising i Lom sentrum (Fossbergom)
Tid: Kl. 17.30, oppmøte i Utgard
Vi startar i Utgard der driftssjef Monika vil ta imot oss og syne fram fasilitetane
i fleirbrukshuset.
Deretter går vi i retning av sentrum med Rønnaug Nyrnes som omvisar og
lokalkjent. Still gjerne spørsmål undervegs og hugs varme klede.
Denne turen er primært for deg som ikkje er så godt kjend i Lom, men alle er
sjølvsagt velkomne. Frisk luft gjer uansett godt før middag! Til denne turen trengst det inga påmelding, berre møt opp utanfor Utgard kl. 17.30.
Del 2: ”Bli-kjent -middag” på Fossheim hotell
Tid: Kl. 19.00, oppmøte på Fossheim hotell
Når november-mørket legg seg over Lom, er det triveleg å trekke innandørs,
fyre opp peisen og samlast rundt eit langbord med god mat og drikke.
Vi (Lom kommune) spanderer middag med dessert, de kjøper drikke sjølve.
I tillegg blir det eit enkelt program under middagen.
Dei som deltek på omvisinga, vil ende opp på Fossheim i tide til middagen.
Har du lyst til å bli med?
Invitasjon til treffet har gått ut til dei som er folkeregistrert i Lom i 2021 og siste halvdel av 2020, men så lenge det er plass så tek vi i mot påmelding frå alle som ynskjer å få seg eit større nettverk i Lom 
Send påmelding til ashild.amundsen@lom.kommune.no eller SMS til telefon 975 22 977 innan 3. november (påmeldingsfristen er forlenga frå 1.november, som fyrst oppgitt).
Oppgi antall viss dykk t.d. er ein familie. Vel møtt!