Bustadkonferanse i Lom 27. april 2023Velkome til ein kveld der vi sett fokuset på noko av det viktigaste vi har – heimen vår. Torsdag 27. april frå kl. 18.00 – 21.00 samlar vi aktørar og andre bustadinteresserte til inspirasjon, orientering og diskusjon rundt bustadutviklinga i Lom. Lom sentrum. Frys Film Program: Kl. 18.00 - 20.00: Korleis få til eit variert bustadtilbod i distriktet? v/ Distriktssenteret Utvikling på bustadtomta Kulihaugen – kva skjer? GNIST v/ Natural State og Haugen/Zohar Arkitekter og Konseptet otiumPLUSS v/ Clemens Eiendom og konseptPLUSS Utbygging av Gjeisarjordet – kva har vi fått til og kva slags planar har vi framover? v/Jotunheimen Bygg Det blir enklare å bygge minihus frå 1. juli – kan dette vere eit aktuelt konsept i Lom? v/ Natural State Ledige bustadtomter og utbyggingsprosjekt i Lom v/ Lom kommune Gode tips om bustadfinansiering v/ Sparebank1 Lom og Skjåk Kl. 20.00 - 21.00: Alle som har deltatt (entreprenørar, kommune etc.) stillar på stand, slik at publikum kan gå rundt, stille spørsmål og kome med innspel på kva slags bustad DU kan tenkje deg i Lom i framtida, kva slags finansieringsmoglegheiter som finst etc. Målet er å få til ein god dialog og diskusjon, før vi rundar av rundt klokka ni. Arrangementet passar for: Privatpersoner som vurderer å bygge, kjøpe eller leige bustad i Lom, no eller i framtida Grunneigarar som sitt på ledige bustadtomter i Lom Næringsliv som har behov for bustadar eller ynskjer å vere med på utbygging / investering i eigedom Politikarar og andre som er nysgjerrig på kva som rører seg i Lom Påmelding: Arrangementet skjer i Utgard fleirbrukshus torsdag 27. april frå kl. 18.00 – 21.00 Enkel servering 😊 Arrangementet er ope og gratis for alle, du treng ikkje å melde deg på. Bustadkonferansen i Lom blir arrangert av Lom kommune, i samarbeid med fleire. Publisert 26.04.2023 01.50