Ekstraordinære midlar til kommunale næringsfond pga. covid-19

Lom kommune har fått 1,7 millionar i ekstraordinære tilskot til kommunalt næringsfond. 
Her finn du informasjon om ordninga, inkludert webinar, saksframlegg og lenke til regionalforvaltning

Her finn du eit webinar Lom næringsforum, der vi går gjennom vilkåra for ordninga og søknadsskjema. 

Søknadsskjemaet finn du på www.regionalforvaltning.no 

Alle løyvingar skal vere i tråd med midlertidig forskrift for bruk av næringsfondet. Den finn du her.

I tillegg har kommunestyret vedtatt dette: 

  1. Eksisterande regelverk for bruk av næringsfondet blir vektlagt i saksbehandlinga, så sant det ikkje er i konflikt med midlertidig forskrift for bruk av kommunale næringsfond.

- I kor stor grad tiltaket fremmer auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar

- I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak vil motverke negative verkingar av Covid 19 utbrotet

  1. Det blir lågare terskel for å gi støtte til investeringar enn det som er vanleg praksis.  
  2. Alle saker blir handsama i formannskapet som er fondsstyret, uavhengig av storleik.
  3. Søknadsskjemaet blir opna opp på regionalforvaltning.no 2. september. Det blir lagt opp til to søknadsfrister, 1. oktober og 1. november..
  4. Det kan gjevast støtte til jordbruksbasert næring, men tiltak som gir auka sysselsetting og verdiskaping skal prioriterast.
  5. Andre støtteordningar (t.d. Innovasjon Norge) skal alltid vurderast fyrst.

Eksisterande regelverk (retningslinjer) for bruk av næringsfondet finn du her.