Framdrift på breibandsutbygginga i Lia

Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal har signert avtale med Eidsiva Bredbånd om fiberbygging i regionen. Dei som ynskjer breiband må gå inn på nett og registrere interesse, for så å bli oppringt av ein selgjar.  Side for registrering finn du her: NKOM Nord-Gudbrandsdal

Etter dialog mellom Regionrådet og Eidsiva er det bestemt at det ikkje blir oppsøkande sal angåande utbygging av fiber til heimen pga. koronasituasjonen, så det er derfor det blir tatt i bruk digitale løysningar. 

Det er berre bustadar innanfor karta på landingssida som har moglegheit for å få fiber heim i denne omgang. 

Utbygginga vil starte utpå våren, det er ikkje avklart kva område som er fyrst ut, men ferdigfristen er november 2021. Ein del av områda vil bli kobla opp før den tid.

Dersom du har bedrift i samme området, må  du ta kontakt direkte med Eidsiva for å høre om det er moglegheit for å få fiber til bedrift i samband med denne utbygginga. Det er Skjåk Energi og Eidefoss Nett som står for gjennomføringa av fiberutbygginga, med sine underentreprenørar.

P.S. Tidlegare var det gjort ei kartlegging i Lia for å finne ut kven som var interessert i fiberutbygging. Svarte du ja på kartlegginga?
Hugs at du likevel må inn og registrere deg her dersom du vil ha fiber: NKOM Nord-Gudbrandsdal 

bilde av fiberoptikk - Klikk for stort bildebilde av fiberoptikk Pixabay.com