Høyring om besøksbidrag – kva meiner næringslivet i Lom?

Næring- og fiskeridepartementet har sendt ut eit forslag til ny lov om besøksbidrag, ofte omtalt som "turistskatt". Vi treng attendemelding frå næringslivet på dette - frist 20. desember.

Næring- og fiskeridepartementet har sendt ut eit forslag til ny lov om besøksbidrag, ofte omtalt som "turistskatt". Målet med lovforslaget er å etablere eit system der reisande bidreg økonomisk til drift og vedlikehald av turistrelaterte tenester og infrastruktur. Høyringsfristen er sett til 3. januar, noko som gir kort tid til å gi innspel.

Lom kommune ønskjer å få signal frå næringslivet i kommunen for å kunne spele inn lokale perspektiv i denne prosessen. Dei oppmodar alle aktørar i næringa til å dele tankar og meiningar om forslaget så snart som mogleg.

For å kunne handsame dette lokalt innan fristen til departementet, er svarfristen for næringslivet i Lom sett til 20. desember. Det er fleire måtar å gje attendemelding på:

Du kan sende svar direkte på e-post til Åshild Amundsen på ashild.amundsen@lom.kommune.no 
Ring på telefon 975 22 977 for å dele dine innspel.

Alternativt kan du bruke Messenger, eller svare via undersøkinga som er sendt ut. 

Her er lenke til undersøkinga: Undersøking kring besøksbidrag.

For meir informasjon om høyringa og sjølve lovforslaget, kan du besøke regjeringa si nettside:
Høyring om besøksbidrag.

Dette er ein viktig moglegheit for næringslivet i Lom til å påverke korleis ein eventuell "turistskatt" blir utforma og gjennomført. Del di stemme før fristen går ut!

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje