Næringspub i Ottadalen 30. august: Korleis vinne anbod?

Ynskjer du å levere dine tenester til det offentlege, men kvir deg for å levere anbod? Du er ikkje aleine!
Den fyrste næringspuben denne hausten vil gi deg betre innsikt i regelverket for offentlege innkjøp, samt konkrete råd for korleis bedrifta di kan forbetre stillinga i ei anbodskonkurranse.

Du kan lære meir om:
• Grunnleggjande om anbodsregelverket – kva må du kjenne til?
• Råd for best mogleg å svare på konkurransegrunnlaget
• Dialogen med oppdragsgjevar før og under konkurransen - kvifor er spørsmålsrunda avgjerande
• Korleis unngå å bli avvist?
• Kravet til forklaring og innsyn når tildeling er gjort – kva informasjon har du rett til?
• Moglegheit for å klage – KOFA, oppdragsgjevar og domstol

Foredraget rettar seg mot alle som deltek i konkurransar utlyst av det offentlege, og vil i størst mogleg grad vera tilpassa både dei som er ukjende med regelverket for offentlege anskaffelsar og dei som har meir erfaring. Det blir moglegheit for å stille spørsmål undervegs.

Vi får besøk av advokat Ingrid Lund, som har lang erfaring på området, både når det gjeld tilbodsinnlevering, innsyn og klage, og kontraktsrettslege spørsmål knytt til dette.

Arrangementet er ope og gratis for alle næringsdrivande i Ottadalen. Det blir servert enkel snacks og anledning til å kjøpe seg drikke i baren.

Stad: Vågå hotell
Tidspunkt: Foredrag startar kl. 19.30, dørene opnar kl. 19.00
Dato: Torsdag 30.august

Påmelding innan tysdag 28.08 til næringskoordinator i Vågå Kommune, Live Brimi på email live.brimi@vaga.kommune.no