I 2020 godkjente formannskapet planane for opprustning av eksisterande bussterminal i Lom, og i veke 43 startar byggearbeidet i regi av Statens Vegvesen. Hovudmålet med tiltaket er å skape eit betre skille mellom parkering og bussterminal, og etablere venteområde for busspasasjerer mot Bøvre. Kollektivterminalen vil bli universelt utforma, og det vil bli bygd m.a. sykkelparkering, handikap-parkering, busskur og plattform for buss langs elva. Det vil også bli ny belysning og ny oppmerking av plassar. Langtidsparkering for buss er permanent flytta til Stupulvegen.
Arbeidet vil bli utført av Stian Brenden Maskinservice, og er estimert til å ta mellom 4 – 6 veker.
I mellomtida vil bussterminalen bli flytta til Kyrkjevollen, og det vil bli forbudt å parkere nede på Fosstugu så lenge arbeidet pågår.