Utvidar butikktilbodet i Lom
Frå før har Skogstad ein eigen konseptbutikk i Lom, i Flækøybygget, som opna i juni 2018 og er heilårsope. Skogstad Outlet kjem i tillegg til denne, og er eit konsept som sel plagga frå tidlegare sesongar til reduserte prisar, og som i fyrste omgang berre vil vere ope i sommarsesongen.
Den offisielle opninga av Skogstad Outlet er 26.mai, same dag som veteranbilløpet Flåklypa Grand Prix i Lom.
Siv-Eline Hermansson t.v. (dagleg leiar i Skogstad Lom) og Mari Wedum t.h. (dagleg leiar i Visit Jotunheimen)
Vigdis Kroken
Nabo til turistinformasjon
Nilsbue er det eldste bygget på Bergom og ligg rett ved rundkjøringa i Lom sentrum, ved sidan av Nordal Turisthotell. Bygget har sidan 2018 husa turistinformasjonen i Lom og administrasjonen i Visit Jotunheimen. Næringslokalet vegg i vegg har stått tomt etter at Blomsterbue flytta ut i fjor haust. No ser dagleg leiar Mari Arnøygard Wedum i Visit Jotunheimen fram til meir liv og røre i bygget, og at det blir eit samlingspunkt for både turistar, næringdrivande og lokalbefolkning i Lom.