Nytt vaffeltreff på Fossberg

Fredag 26.mai blir det nytt vaffeltreff på Fossberg.

Vaffeltreff er eit lågterskeltilbod for både nye og "gamle" innbyggjarar i Lom, der vi samlast ein gong i månaden og et vaffel. Målet er å gjere det litt enklare å få eit nettverk i Lom, uansett om du kjenner nokon her frå før eller ikkje. Fyrste treff vart arrangert 14.april, og var ei triveleg samling med folk i alle aldrar!

Vaffeltreff fredag 26.mai

Deltakarar på Vaffeltreff - Klikk for stort bildeDet fyrste vaffeltreffet på Fossberg 14.april Lom kommune

Kl. 11.30-12.15:

Vi spanderer vaffel og slår gjerne av ein prat. Du kan kjøpe deg lunsj på Fossberg, eller berre eta vaffel om du vil.

Kl. 12.15-13.00:

Vil du ta deg ein lengre lunsjpause og bevege litt på kroppen? Etter lunsj tek vi deg gjerne med på ein liten gåtur/omvising i sentrum om du er ny i bygda, eller kanskje du vil vere med på ein zumbaøkt i Steinfjoset med Åshild? Her er det fritt fram! Oppmøte på Fossberg.

Dersom du vil vere med på ei zumbaøkt så treng du ikkje treningsklede.
Ta på behagelege klede, og gjerne vatn/innesko.
Vi skal attende på jobb etterpå, så målet er ikkje å få veldig høg puls, men å ha ei triveleg stund saman.

Inga påmelding naudsynt, her er det berre å møte opp!
Helsing Åshild (næringssjef) og Hege (bygdeutviklar)


Dato: Fredag 26.mai
Tidspunkt: 
Fyrste del: kl. 11.30 - 12.15. Oppmøte Fossberg
Andre del: 12.15 - 13.00. Oppmøte Fossberg

Neste vaffeltreff blir 16.juni, og er siste treff før sommaren.