Parkeringsplassar i sentrumskjerna:
Sjå bilde i større format her: (PNG, 3 MB)
Teiknforklaring:
P = Område for parkering
P med gul stjerne = Område for parkering når skulen er stengt (ca. 20 juni - 15. august). Godt egna for bubil og campingvogn
EL = ladestasjon for el-bil (sjå meir informasjon lenger ned).
Dersom det er fullt i sentrumskjerna er det greitt å vere klar over at Lom har fleire parkeringsplassar som er godt egna for dagsparkering for bubilar og andre kjøretøy, merka med gul stjerne i kartet. Desse er tilgjengelege når barneskulen er stengt, altså i fellesferien.
Dersom du skal overnatte med bubil, camp eller campingvogn ber vi om at du bruker ein av våre fine campingplassar.
Camingplassane i Lom finn du ei oversikt over her:
Ladestasjonar for el-bil, Fossbergom:
Sjå grønt sirkel (EL) i kartet.
1. Ladestasjon frå Eviny AS v/ Coop:
“Lom får flere og raskere lynladere. Det betyr kortere ladetid, mindre kø og mer attraktivt for flere til å stoppe i Lom for å lade. Ladeplassen til Eviny får også verdens raskeste lynlader! Denne finnes det kun to stykker av i hele verden i dag. Eviny har begge. Én i Bergen, og én på Geilo. 360 kW-laderen gjør at to nyere elbiler kan lade samtidig på samme lader, og begge får 180 kWs lynlading samtidig. Den nye ladestasjonen kommer på parkeringsplassen på andre siden av Nedre Ulstadveg”
Den nye ladestasjonen frå Eviny stod klar i 2022. Du finn meir info om den her:
Den nye ladestasjonen har førebels 16 ladepunkt.
2. Ladestasjon Kople v/ Kiwi Lom
Nytt ladepunkt stod klart på parkeringsplassen til KIWI Lom i september 2022 (Stupulvegen 9). Det vil vere mogleg å lade både ved bruk av app, ladebrikke eller betaling med kort. Du finn meir info om ladepunktet ved Kiwi her:
Førebels er det bygd ut fire ladepunkt.
3. Ladestasjon ReCharge Esso Lom
Denne kjem ikkje fram på kartet over, men i juli 2023 vart det opna nytt ladeområde for el-bil i sentrum, på nedsida av Esso-stasjonen.
Førebels så er det bygd ut 6 ladepunkt. Du finn meir info om ladepunktet ved Esso her:
Adressa er Bergomsvegen 11, Fossbergom.
Offentleg toalett:
Midt i sentrum, i same bygget som turistinformasjonen i Lom, finn du eit offentleg toalett med god kapasitet som er ope heile året, 24 timer i døgnet. Adressa er Bergomsvegen 17. Toalettet opna i 2020. Du kan lese meir om toalettet her: