Status breibandsutbygging i Lom pr. desember 2023

Her finn du ei statusorientering knytt til breibandsutbygginga i Lia, Garmo og den som skal starte opp i Eklevegen i Garmo. 

Status prosjekter Lom kommune

Eidsiva Bredbånd - prosjekt med støtte frå 2018

ProsjektnamnKommuneProsjektnamn  EB Status desember 2023
Lia og omegnLom og VågåLiagrendi32 adresser som blir forsinka grunna manglande fellesgrøft med Fjellnett. Kundane kan heva si avtale med Eidsiva Bredbånd utan gebyr om dei ynskjer det.

Global Connect - prosjekt med støtte frå 2019 og 2020

ProsjektnamnKommuneProsjektnamn - HNStatus desember 2023
Garmo – StorviksroeVågå og LomSDU Tessand - GarmoFerdig med unntak av Nord-Sandom. Her er utbyggjar og kommune framleis i dialog for å finna ei løysing.

 






 

Innvilga støtte til utbygging breiband 2023

ProsjektnamnKommune

Prosjektnamn 

utbyggjar

Status desember 2023
EklevegenLom Kontrakt vert signert med Eidsiva Bredbånd.

Det er mykje pågåande fiberutbygging i Nord-Gudbrandsdalen. Prosjekta som fekk støtte i perioden 2018 til 2020 skulle etter planen alle vera ferdige innan årsskiftet. Dessverre skjer det alltid ting som ligg utanfor utbyggjar sin kontroll og som vil som påverka framdrifta. Dette har nok skjedd i området Liagrendi.

I tabellane finn du status på prosjekta der utbygging held på i din kommune.  Det er eit nasjonalt mål at alle husstandar innan slutten av 2025 skal ha tilbod om breiband med minst 100 Mbit/s nedlastingskapasitet. Lom kommune får full dekning på 100 Mbit/s når det siste området som fekk støtte no i 2023 er utbygd. 
Er du fastbuande som meiner at du ikkje har fått tilbod om breiband enno eller ikkje bur i eit av dei områda som i dag er under utbygging eller på utlysing, ta kontakt med kommunen.

I Innlandet fylkeskommunes kartløysning kan du sjå status er i din region.
Du finner kartet her

A map of a riverDescription automatically generated