Villreinarven er eit prosjekt i regi av Gudbrandsdalsmusea, og ein del av Miljødirektoratet si satsing
«Villreinarven som verdiskapar».
Ordninga skal bidra til å auke kunnskapen og interessa for vill- og tamrein, og natur- og kulturarven i reinfjellet blant barn og unge.
Formålet er å inspirere til læring, formidling og opplevingar som gir auka forståing for naturen, kulturen og historia knytt til reinen.
Kven kan søkje:
Skular, barnehagar, lag, foreiningar og private verksemder som gjennomfører tiltak for barn og unge i Nord-Gudbrandsdalen.
Kva kan det søkjast støtte til:
Midlane kan brukast til ulike aktivitetar og tiltak som fremjar kunnskap eller opplevingar knytt til rein og fjellets verdiar, til dømes:
Føredrag, kurs eller formidlingsopplegg
Publisering eller produksjon av materiell
Kjøp av varer og tenester til kulturelle eller pedagogiske aktivitetar
Innleige av inspiratorar, fagpersonar eller formidlarar
Transport eller utgifter i samband med ekskursjonar, studieturar eller feltarbeid
Rammer for tildeling:
Midlane blir tildelt i sin heilskap i 2025
Tiltaka må gjennomførast innan 15. juni 2026
Det blir lagt vekt på tiltak som har lokal eller regional forankring, og som involverer barn og unge aktivt
Søknad:
Søknaden skal vere kort og oversiktleg, og innehalde:
Kort skildring av tiltaket og målgruppa
Kva det blir søkt støtte til
Kontaktinformasjon til ansvarleg søkjar
Søknaden skal sendast på e-post til anne@nordveggen.no innan fristen 1. desember 2025.
Det kan søkjast om inntil kr. 10 000 per søknad.
Rapportering:
Etter gjennomført tiltak blir det bedt om ei kort oppsummering (inntil éi side), gjerne med eit bilete, elevbidrag eller anna dokumentasjon som viser korleis midlane er brukt. Døme kan bli delte vidare i Villreinarven sitt arbeid for å inspirere andre.
Rapporten skal sendast til anne@nordveggen.no seinast 10 dagar etter tiltaket er avslutta.