Studietur med tema: Bustadutvikling i distriktet

Lom kommune deltok på studietur til Heim, Sel og Rennabu kommune gjennom Bolignettverket for Innlandet, med temaet “bustadutvikling i distriktskommunar”. Dette vart ein svært nyttig tur, takk til alle dei tre kommunane for deling. 

Kva lærte vi på turen? Her er konkrete tiltak som Heim kommune har gjennomført dei siste åra, som kan ha overføringsverdi til andre distriktskommunar: 

  • UngHeim: Einebustad på litt over 40m2 med eit soverom (+hems) og carport som ungdommen bygger sjølv. 
    Ein ferdigbygd carport blir rekna inn som tilstrekkeleg eigenkapital av banken, noko som gjer at ungdommen slepp å stille med anna eigenkapital. Stor etterspørsel. Må vere under 28 år og ha tilstrekkeleg inntekt til å betene lånet.
    Dei fyrste vart bygd og solgt av kommunen for rundt 1,7 mill, no er dei oppe i litt over to millionar. Kommunen stiller med gratis tomt.   
  • GammelHeim: Einebustad eller tomannsbustad for eldre, rundt 60m2 med to soverom. Tilrettelagt for å bli eldre i bustaden, alt er på eit plan. Bustadane blir kun bygd i “rullatoravstand”, altså maks 300 meter frå helsetenester etc. 
    Desse blir solgt for rundt 2,7 millionar per bustad. 
  • ToHeim: Nytt konsept under uttesting. Kommunen er i gong med å bygge tomannsbustadar til småbarnsfamilier i grendene der det finst nedleggingstrua skuler eller barnehager. Selges for 2 890 000. Målet er å sikre tilgang til nye bustadar der ingen andre bygger nytt. 
  • HybelHeim: Seks hyblar som blir tildelt av skulen, for å bidra å oppretthalde eit VGS-tilbod i kommunen og mange arbeidsplassar. Subsidiert leigekost for hybelbuarar. 
  • Forenkla planbestemmelser i areal- og samfunnsplanen: Her står det at “Boligsosiale tiltak i regi av det offentlege kan tillates uten reguleringsplan der det er tilstrekkelig kapasitet på teknisk infrastruktur. Det kan tillates flere boenheter og større utnyttelsesgrad av tomten for boligsosiale tiltak”. 
  • Felles pris på alle kommunale tomter, uansett storleik: Heim kommune hadde ein stor “tomtebank” på over 100 kommunale tomter til bustadar, der mange hadde stått tomme over 40 år. Dei vedtok derfor at alle kommunale bustadtomter til direktesalg skulle koste kr. 100 000, uansett plassering eller storleik. 
  • Auka satsing på startlån: Kommunen har gått frå å ha ei ramme på 7 millionar for nokre år attende, til å nå låne ut over 35 millionar i året. Mange av konsepta over er finansiert gjennom startlån, fullfinansiering. Dette har fungert godt takka vere eit godt samarbeid med m.a. NAV, og ved å nytte handlingsrommet som ligg i denne setninga: “Du kan søke om ordinært startlån i din kommune hvis du ønsker å kjøpe, bygge, utbedre eller tilpasse bolig i en distriktskommune”. På startlån er det mogleg med ei nedbetalingstid opp mot 50 år. Startlån gjeld ikkje berre for yngre folk, Heim kommune har også brukt det opp mot konseptet GammelHeim (for folk på 60 +). I nokre tilfeller kan dei også gi tilskot til startlån, men dette er ikkje mykje brukt. 
  • Eige til leige: Dei har også bygd bustadar med konseptet “eige til leige” (Husbanken sin modell)
  • Forkjøpsrett: Alle kommunale leigetakarar har forkjøpsrett dersom bustadane der dei bur skal selgast, anten til takst eller rett under. 
  • Organisering: Frå nyttår blir dei mest sentrale aktørane knytt til bustadutvikling organisert i ein eigen bu-enhet, direkte under kommunedirektøren. 
  • Boligfond: Dei har sett av 17 millionar av disp.fondet til eit bustadfond, som kan brukast av administrasjonen som mellomfinansiering mellom kjøp og salg. Dette gir ein fleksibilitet og ei evne til å snu seg raskt rundt. 
     

Oppsummert så har Heim kommune hatt særleg fokus på desse tinga knytt til bustadutvikling: 

  • Vere ein tydeleg aktør i bustadutviklinga, og bidra til ein differansiert og nyskapande bustadstruktur
  • Flest mogleg skal få eige sin eigen bustad. Dette er stabiliserande og kan bidra til å redusere fråflytting
  • Kommunen skal gå raskt frå vedtak til handling
  • Kommunen skal ikkje konkurrere med private, men finne løysninger for mellom anna vanskelegstilte med å tilby bustadtyper som privatutbyggjarar ikkje prioriterer. 
  • Dei bruker finn.no som marknadsføringskanal
  • I leiarplakaten sin har dei eit punkt om at det skal vere lov å gjere feil - også i ein kommune. 
  • Dei har ingen eigen bustadsosial plan - målene ligg forankra i samfunnsdelen, og det er godt nok. 

 

Det kan elles nemnast at Heim var ein ROBEK-kommune fram til 2022. Når dei likevel satsar så aktivt på bustadutvikling er det basert på strategien om at det er dyrare å la vere - fordi innbyggjartilskotet er heilt avgjerande for kommuneøkonomien. 

Bakgrunn for turen: (henta direkte frå Facebook-sida til Statsforvalteren i Innlandet): 

I slutten av forrige uke dro vi på studietur til Sel, Heim og Rennebu. Sammen med deltakere fra Innlandet fylkeskommune og Husbanken har vi et samarbeidsprosjekt for å utvikle en helhetlig boligpolitikk i distriktene. 
Mange distriktskommuner i Innlandet sliter med svake boligmarkeder. Felles utfordringer er en aldrende befolkning og liten vekst i folketallet. Det finnes som regel nok arbeidsplasser, men mangelen på ulike typer boliger gjør det vanskelig å tiltrekke nye arbeidstakere og integrere tilflyttere.

For å møte disse utfordringene startet Innlandet fylkeskommune, Statsforvalteren i Innlandet og Husbanken et samarbeidsprosjekt i 2022. Målet er å skape mer aktivitet i boligmarkedet. Prosjektet begynte som en pilot i Valdres og Nord-Østerdalen. Etter to år ble det evaluert og videreført. Nå omfatter det alle kommuner i Innlandet i sentralitetsklasse 4, 5 og 6 som ønsker å delta. 
Prosjektet handler om helhetlig boligpolitikk. Det skal samle erfaringer fra distriktskommuner, stimulere til samarbeid mellom kommuner og bidra til utvikling av lokal boligpolitikk. Målet er å legge til rette for konkrete boligprosjekter. Det er viktig at boligpolitikk inngår i kommunenes langsiktige planer for samfunns- og arealutvikling. Det er avgjørende at kommunene tar en aktiv rolle for å få boligbygging gjennomført.

I Sel, Heim og Rennebu ble vi godt tatt imot og fikk se hvordan de jobber for å skape variasjon i boligtilbudet og tiltrekke seg tilflyttere. 

Frå Lom deltok næringssjef Åshild Myhre Amundsen (næringssjef) og Nils Henry Fosstuen (prosjektleiar eigedom). 
Det var god representasjon frå Nord-Gudbrandsdalen på turen - tilsette frå både Skjåk, Dovre, Lesja, Sel og Vågå deltok au. 

Takk for ein fin og inspirerande tur!
Referent og foto: Åshild Myhre Amundsen

Rennabu ArenaGammelHeimUngHeim

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje