Vaffeltreff på Fossberg 14. april

Ynskjer du eit større nettverk i Lom? Bli med på vaffeltreff!

Vaffel - Klikk for stort bildeVaffel Lena Svensson_Pixabay

Dei to siste åra har Lom kommune arrangert fleire treff for både nye og "gamle" innbyggjarar. 
Målet er å gjere det litt enklare å få eit nettverk i Lom, uansett om du kjenner nokon her frå før eller ikkje. Saman med organisasjonen Lev i Lom arrangerer vi no vaffeltreff kvar månad!


Kva er dette?
Kl. 11.30 - 12.00:
Ein fredag i månaden inviterer vi dykk til å ta lunsjen saman med oss frå ca. kl. 11.30 - 12.00. 
Vi spanderer vaffel og slår gjerne av ein prat. Du kan kjøpe deg lunsj på Fossberg, eller berre eta vaffel om du vil.
 

Den som har ei litt lang lunsjpause kan bli med på del to:
Frå kl. 12.00 - 13.00
Etterpå tek vi deg gjerne med på ein liten gåtur / omvisning i sentrum om du er ny i bygda, eller kanskje du vil vere med på ein zumbaøkt i Steinfjoset med Åshild? Her er det fritt fram! 

P.S: Dersom du vil vere med på ei zumba-økt så treng du ikkje treningsklede.
Ta på behagelege klede, og gjerne vatn/innesko.
Vi skal attende på jobb etterpå, så målet er ikkje å få veldig høg puls, men å ha ei triveleg stund saman :-) 

Ingen påmelding naudsynt, her er det berre å møte opp! 

Dato: 14. april
Tidspunkt: 
Fyrste del: kl. 11.30 - 12.00. Oppmøte Fossberg
Andre del: 12.00 - 13.00. Oppmøte Fossberg

Passar det ikkje for deg denne gongen? Fortvil ikkje! 

Målet er å arrangere dette omtrent ein gong i månaden, og du kan bli med så ofte du vil. 

Vaffeltreff på Fossberg - Klikk for stort bildeVaffeltreff på Fossberg

 



 

 

 

 

 

 

Kontakt

Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Mobil 453 12 269
Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje