Viktige søknadsfristar i 2021I Norge har vi haugevis med støtteordningar, og mange har søknadsfrist i starten av året. Vi har gjort sorteringsjobben for deg, og samla ei oversikt over aktuelle ordningar i dette nyheitsbrevet. Michal Jarmoluk, Pixabay I lenka over kan du lese meir om desse tilskota: Natur- og kulturbasert næringsutvikling Grønn framtid Grunneigarfondet til Statskog Kompensasjonsordninga Regionale distriktsutviklingsmidlar Privat investorkapital for bedrifter i Ottadalen Sparebankstiftelsen DNB Gjensidigestiftelsen Startups (her er søknadsfristen ute) Lom kommune har elles tilgang til https://new.tilskuddsportalen.no/, med ei oversikt over alle tilskotsordningar. Ta kontakt viss du vil søkje etter noko spesielt. Det er ofte mogleg å skaffe penger til gode prosjekt - men vanskeleg å finne penger til drift i etterkant. Å skrive ein god søknad er litt som å gå opp til eksamen - du må lese vilkåra nøye, skrive kortfatta men presist, og svare innan fristen! Ikkje nøl med å ta kontakt med næringssjef viss du treng hjelp (kontaktinformasjon på høgre side). Her kjem fleire tilskotsordningar som kan vere aktuelle for bedrifter i Ottadalen: Kreativ næring: https://www.kulturradet.no/stott.../-/vis/-naeringsutvikling Skogbrukets verdiskapingsfond (frist 1. februar): https://verdiskapingsfondet.no/ Satsing på fjellandbruk i Innlandet: https://www.fylkesmannen.no/.../jordbruk/fjellandbruk/ SkatteFUNN: https://www.forskningsradet.no/utlysninger/2019/skattefunn LYKKE TIL! P.S: Vil du få tilsendt dette på e-post? På grunn av GDPR er det anbefalt at du tek ansvar for å melde deg på nyheitsbrevet sjølv. Det kan du gjere via denne lenken: https://www.lom.kommune.no/.../meld-deg-pa-nyheitsbrev... Det er enkelt å melde seg av att i ettertid viss du skulle angre. Publisert 18.01.2021 11.04