BustadtomterKommunen har ledige tomter i Lom sentrum og i Bøverdalen, samt fleire tomter under planlegging i Garmo. I tillegg er det ledige byggjeklare tomter nær sentrum som tilhøyrer private - m.a. i Andvordsjordet og på Gjeisarjordet. Kulihaugen Kulihaugen I nærleiken av Lom sentrum ligg også bustadtomta Kulihaugen, som har fått ei eiga landingsside. Du kan lese meir om utvikling av Kulihaugen på denne heimesida. Privateigde tomter Elles når det gjeld privateigde tomter må dei som er interesserte ta kontakt direkte med grunneigar og forhandle om kjøp og pris. Informasjon om eigartilhøve får du ved å kontakte kommunen. I Andvordsjordet og på Øvergrenda krev kommunen inn tilknytingsgebyr etter gjeldande satsar - totalt kr 5 000 inkl. mva. Spreidd bustadbygging Dei som ønskjer å byggje i område som er godkjende for spreidd bustadbygging, må sjølve ordne med løyve til tilkomst og tilfredsstillande vassforsynings- og avlaupsanlegg, samt skredfarevurdering der dette er naudsynt. Har du tomt til sals? Kommunen vil også oppmode private grunneigare til å ta kontakt dersom dei har ledige tomter til sals. Send inn kort tekst, bilde og kontaktinformasjon, så blir det lagt ut her på lik linje som dei andre privateigde tomtene. Gjeisarjordet med solnedgang. Jotunheimen bygg AS Sist endret 20.08.2024 11.59