E æ aktiv Æ DU” er eit aktivitetstilbod for ungar og ungdom i Nord-Gudbrandsdal med spesielle behov som fell utanfor anna organisert aktivitet. Aktivitetsdagane er lagt opp for ungar og ungdom opp til 26 år. Invitasjonen går til familiar i alle 6 kommunane i regionen. Vi ønskjer foreldre/føresette og søsken velkomne, og ev. andre følgjepersonar.
Slik kjem du deg til Chamoristallen: Køyr 4,3 km etter Lesja sentrum vestover mot Bjorli. Sving til venstre ned ein grusveig, rett før opphevinga av 60-sona. Stallen ligg ca 300m nedover grusvegen på høgre hand.
Riding er ein veldig fin aktivitet for alle. Når du rir, overføres hesten sine rytmiske rørsler til ryttaren. Bevegelsane er spesielt gunstig for opptrening av balanse, styrke av muskulatur, symmetrisk muskelarbeid og koordinasjon. Ridestillinga og hesten sine rørsler kan løyse opp spenning og spasmer i muskulaturen. Det er ofte ei lystbetont meistringsoppleving, noko som er viktig i trening av sansar og motorikk, i tillegg for læring og stimulering av konsentrasjonsevne og sosial tilpassing.
Er været dårleg, rir vi inne i ridehallen!
Håpar at flest mogleg vil vere med på denne dagen! Ta kontakt dersom det er noko.
Aasta K. Bjorli Bjølverud, Fysioterapeut Lesja kommune.
E-post: aasta-kristine.bjorli@lesja.kommune.no
Tlf: 46813934
Ridning på Lesja 15.juni 2025
Stad: Chamoristallen
Tid: 12.00-16.00
Pris: 200,- pr. familie (inkl.mat og drikke).
Påmeldingsfrist: Torsdag 12.06.25
