I haust vil fleire av dei busette ukrainarane som går på introduksjonsprogram ha behov for praksisplass. Det vil seie at dei skal lære norsk språk og bli kjend med norsk arbeidsliv ved å vere i arbeid på ein arbeidsplass. Praksis inneber ikkje ekstra lønnsutgifter for arbeidsgjevar da flyktningane mottek introduksjonsstønad frå kommunen i denne perioden. Omfanget av praksisen er to dagar i veka, i kombinasjon med at dei lærer norsk på skulen tre dagar i veka.
Målet med introduksjonsprogrammet er at personen skal få ei varig tilknyting til arbeidslivet gjennom lønna arbeid. Ved å ha nokon i praksis får du moglegheit til å bli godt kjend med ein potensiell tilsett.
Ta kontakt med flyktningtenesta i Lom (eller i din kommune) dersom di bedrift ynskjer å bidra eller for å få meir informasjon: Flyktningtenesta i Lom.
Fleire ukrainarar er elles ferdige med introduksjonsprogrammet og er klare for arbeidslivet.
Ta kontakt med ditt NAV-kontor for å finne nokon som høver til di bedrift.
I Lom er det eit felles NAV-kontor for Lom og Skjåk: NAV Lom og Skjåk finn du her.
Her er to døme frå næringslivet i Lom:
Ihor Zhuk og Pavlo Hoha i praksis og no sommarjobb hos Innlandet tak og isolasjon AS
Liliia Annienkova har hatt praksis som førte til sommarjobb på Coop Extra Lom