Helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar - vikariat 100%

Pleie- og omsorgsavdelinga i Lom Kommune søkjer etter helsefagarbeidar/omsorgsfagarbeidar med arbeidsplass (for tida) på Lom Helseheim.

 

Vikariat 100%, med moglegheit for fast tilsetting. Vikariatet er frå 01.09.2025 til 31.08.2026. Kan ha oppstart etter avtale.   

Den tilsette vil ha leiar av institusjon som næraste overordna.  

Arbeidstid: etter gjeldande turnus med dag/sein/natt og arbeid kvar 3. helg.

Aktuelle arbeidsoppgåver:
-    Heilskapleg oppfølging av pasientar i institusjon heile døgnet, -herunder utføring av ulike prosedyrer knytt til oppfølging og behandling.
-    Målretta miljøarbeid/personsentrert omsorg.
-    Følgje rutinar i avdelinga og bidra til forbetringsarbeid.
-    Sikring av god kommunikasjon og samhandling.
-    Bruk av velferdsteknologi som ein naturleg del av tenesta.
-    Tett samarbeid med andre tilsette, samt pårørande. 
-    Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
-    Bidra til opplæring og fagleg veiledning av kollegaer og lærlingar.


Kvalifikasjonskrav:
-    Offentleg godkjend helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar.
-    Eventuelt relevant erfaring.
-    Personar som har interesse for fag og fagutvikling innan demens og geriatri. 
-    Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
-    Personleg eigna for stillinga.


Fylgjande blir vektlagt:
-    Fagleg dyktig og trygg i rolla.
-    Evne til å samarbeide med kollegaer og tverrfagleg team, jobbe sjølvstendig, er strukturert og målretta.
-    Gode evner i kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer.
-    Vilje og evne til å lære.
-    Vera med på å skape et godt og trygt arbeidsmiljø.
-    Tek ansvar, er løysingsorientert og fleksibel. 


Vi tilbyr: 
-    Fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
-    Tverrfagleg samarbeid.
-    Høgt fagleg nivå på tenestene.
-    Fagmøtetid i turnus. 
-    Dyktige og engasjerte kollegaer.
-    Du får moglegheit til å arbeide på ein institusjon i utvikling med fokus på mellom anna velferdsteknologi.


Kontaktperson:
Avdelingsleiar Guro Einbu,  telefon 40 43 79 41
E-post: guro.einbu@lom.kommune.no 
Avdelingssjukepleiar Nina Gården, telefon 48896477
E-post: nina.garden@lom.kommune.no     

Kommunale tilsetjingsvilkår

Skriftleg søknad til Lom kommune.

Søk på stillinga her.

Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.

Søknadsfrist: 06.07.2025.

Kontakt

Guro Einbu
Avdelingsleiar institusjon
Mobil 404 37 941