Kombinasjonsstilling i heimebasert omsorg - 100 % fast

Søknadsfrist: 10.08.2025.

Heimebasert omsorg i Lom Kommune har ledig 100% fast kombinasjonsstilling for tida i praktisk bistand (heimehjelp) og heimesjukepleie. Stillinga er fortrinnsvis for helsefagarbeidar, men ufaglærte med relevant erfaring oppmodast også til å søkje. 

Aktuelle arbeidsoppgåver: 
• Sikre brukaren praktisk bistand etter vedtak ved å bistå med å dekkje viktige behov den einskilde brukar sjølv ikkje er i stand til å ta i vare for ei kortare eller lenger periode. Dette være seg naudsynt reinhald av opphaldsrom bustad, oppvask / kledevask, handel, ernæringsarbeid, og bistand til personleg hygiene og dusj. Heimehjelpa skal bidra til at brukaren kan greie seg mest mogleg sjølv, trivsel, og bo lengst mogleg i eigen heim. 
• Yte naudsynt helsehjelp etter vedtak til brukare med behov for naudsynt helsehjelp for å kunne bo i eigen heim. Helsehjelpa ytes i form av pleie og omsorg, førebyggjande, behandlande og opptrening i forbindelse med sjukdom, skade eller funksjonshemming. 
• Nytte journalsystemet Profil / mobil omsorg som eit dageleg arbeidsverktøy til arbeidsplanlegging / utføring av oppgåver, og dokumentasjon.
• Følgje rutinar i avdelingane og bidra til forbetringsarbeid.

Kvalifikasjonar:
• Offentleg godkjent helsefagarbeidar. 
• Dersom det ikkje er søkjarar som tilfredsstiller kvalifikasjonskravet, kan søkjarar med anna relevant erfaring eller utdanning bli vurdert. Opplæring vil bli gitt ved behov. 
• Vi oppmodar også søkjarar som ikkje allereie har helsefagleg utdanning, men som ynskjer å utføre ein slik     utdanning, til å søkje. 
• Erfaring frå likande arbeid.
• Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
• Godkjent politiattest.
• Førarkort klasse B. 
• Personleg eigenskapar vektleggast for stillinga.

Vi ser etter deg som: 
• Er trygg, fleksibel, og motivert.
• Er ansvarsfull, løysingsorientert og beslutningsdyktig. 
• Evnar godt å arbeide både sjølvstendig og i team. 
• Har gode kommunikasjonsevner.
• Har stor interesse for faget, og brenn for fagutvikling. 
• Har endringsvilje og er ein lagspelar.
• Vil vera med å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø.


Vi tilbyr:
• 100% fast stilling for tida i praktisk bistand (heimehjelp) og heimesjukepleie frå 24.11.25.
•  Arbeidstid etter gjeldande arbeidsplan med fortida dagtidarbeid vekedagar i praktisk bistand (heimehjelp), og arbeid for tida kvar 3. helg i turnus i heimesjukepleia. 
• Eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og god takhøgde. 
• Ein spennande, sjølvstendig og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og med moglegheit til å utvikle eigen arbeidsplass.


Andre opplysningar: 
• Lønn etter avtale.
• Kommunale tilsetjingsvilkår.
• Ved interne opprykk kan stillingar i andre stillingsbrøkar blir ledige, og tilsetting vil da skje på bakgrunn av søkjarane til denne stillinga. 
• Elektronisk søknadsskjema finn du på www.lom.kommune.no.
• Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
• Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
• Søknadsfrist: 10.8.25

SØK HER.
Kontaktperson:
Avdelingsleiar Julianne R. Plassen ,  telefon 47460296.
E-post: julianne.ramstad.plassen@lom.kommune.no 

Flott gjeng ved Lom helsesenter B. Rossehaug


 

Kontakt

Julianne Ramstad Plassen
Avdelingsleiar heimebasert omsorg
Mobil 474 60 296