Ledige bustadar til sal og leige i Lom

Er du på utkikk etter ein bustad i Lom? Da bør du lese vidare. 

Kommunen er kjent med at det kan vere krevjande å finne seg ein bustad i Lom. 
Særleg er det lite å finne med tanke på utleige. 
For å hjelpe deg har vi oppretta denne lista, med ei oversikt over bustadar til sal og leige i Lom. 
Oversikta er dynamisk, det vil si at den endrar seg kvar gong vi legg inn ei ny opplysning. 
Du finn oversikta inne på heimesida til kommunen. 
 
Målet er å gjere det litt lettare for deg som er på utkikk etter bustad, og senke terskelen for å vise fram at du har ein ledig bustad. 
Men; vi er avhengig av god hjelp frå bygda med tanke på å spre lista og halde den oppdatert. Vi vil derfor oppmode alle som har ein bustad til sal eller leige om å melde i frå til kommunen, slik at vi kan legge det inn i oversikta. Kontaktinformasjonen finn du i eigen boks. 

Bruk gjerne Facebook-gruppa “Boligtorget Nord-Gudbrandsdalen” i tillegg, denne er for både kjøpar, utleigar og for den som er på utkikk :-) 


 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje