Det kan bli både faste og mellombelse stillingar. Ulike stillingsstorleikar er aktuelle.
Vi søkjer tilsette som
• er rause og sensitive
• er sjølvstendige
• har gode samarbeidsevner og er fleksible
• sikrar og støttar eit trygt og godt barnehagemiljø
• byggjer gode og trygge relasjonar
• er fagleg oppdaterte og utviklingsorienterte
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Kvalifikasjonskrav
- For stillingane som pedagog er det krav om godkjent barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning.
- For assistentstillingane er det ynskjeleg med fagutdanning som barne- og ungdomsarbeidar, men anna relevant utdanning og erfaring vil også bli vurdert.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.
Godkjend politiattest (ikkje eldre enn 3 mnd) skal synast fram før tilsetting.
Søk på stillinga her.
Lom har to kommunale barnehagar.
Garmo barnehage ligg 15 km aust for Lom sentrum, og held til i lokala der Garmo skule var tidlegare. Garmo barnehage vil ha 3 avdelingar frå barnehageåret 2025/2026. Barnehagen har skogen og naturen tett på, samt stort og godt leikeareal ute. Inne er det stor og god plass, samt eigen gymsal.
Loar barnehage ligg i Lom sentrum, rett ved barneskulen og Presthaugen. Loar har 4 avdelingar, og har omgjevnader med naturen tett på. Her er det mange moglegheiter i og utanfor barnehagens område.
Barnehagane samarbeider tett og personalressursane blir sett samla.
Søknadsfrist : 15.06.2025
For meir informasjon, kontakt:
Styrar Garmo barnehage: Mariann Helstad, tlf 97 70 05 84,
E-post : mariann.helstad@lom.kommune.no
Styrar Loar barnehage: Magnhild Beate Galde, tlf 46 92 13 94
E-post: magnhild.beate.galde@lom.kommune.no