Lom godkjent på nytt som trafikksikker kommune

Lom kommune er igjen godkjent som trafikksikker kommune gjennom godkjenningsordninga til Trygg Trafikk.

Lom vart i 2018 godkjent som trafikksikker kommune gjennom godkjenningsordninga til Trygg Trafikk. Å vere godkjent som trafikksikker kommune betyr at kommunen arbeidar systematisk for at trafikkuhell ikkje skal skje.

  
Som trafikksikker kommune, skal ein fornye godkjenninga med jamne mellomrom. Dette for å sikre kontinuitet i det systematiske arbeidet med trafikktryggleik både for innbyggjarar og tilsette i kommunen. Vinteren 2024/2025 har det vore jobba med å bli godkjent på nytt, og 28. april 2025 blei godkjenninga formelt fornya. 


Prosessen som leia fram til ei slik fornyinga innebar mellom anna å gjennomføre ei spørjeundersøking knytt til arbeidet med trafikktryggleik retta mot kommunens leiargruppe, samt tilsette i oppvekst, helse og kommunalteknikk. Det har også vore sendt inn dokumentasjon på det systematiske arbeidet som vert gjort i skular og barnehagar for å sikre trafikktryggleiken til borna våre, samt ei evaluering av kommunens trafikksikringsplan på innhald og gjennomføring. Kommunens trafikksikringsplan 2022-2025 samt handlingsplan for 2025 finn du vedlagt under.  


Ei slik godkjenning er ei viktig anerkjenning for det trafikksikringsarbeidet som vert lagt ned. Det tyder dog ikkje at ein kan "kvile på laurbæra", men er snarare eit ledd i det kontinuerlege trafikksikringsarbeidet som kommunen driv med. I prosessen dukkar det gjerne opp fleire innspel og tilhøve som ein tek med i det vidare arbeidet, som mellom anna består av å revidere kommunens trafikksikringsplan for perioden 2026-2029.


Har du innspel eller kommentarar til det kommunale trafikksikringsarbeidet, så er du velkomen til å ta kontakt med Øyvind Pedersen eller Therese Moe Øye i Lom kommune, eller du kan sende ein e-post til oyvind.pedersen@lom.kommune.no eller therese.moe.oye@lom.kommune.no  

Vedlegg:

Kommunen sin trafikksikringsplan 2022-2025 (PDF, 2 MB)
Handlingsplan for 2025 (PDF, 713 kB)
Kartvedlegg til handlingsplanen (PDF, 4 MB)

 

Trygg Trafikk vitja i April Lom kommune for å halde formelt regodkjenningsmøte. Frå venstre bak: Ordførar Kristian Frisvold, kommunestyrerepresentant og medlem i Innlandet fylke sitt trafikksikringsutval May Bakken, tenesteleiar for oppvekst Pål Bertil Eide, kommunedirektør Jostein Gårder, økonomileiar og servicekonsulent Anne Berit Sandvoll, kommunalsjef for samfunnsutvikling og kultur Trond Kielland Byre-Haakensen og arealplanleggjar Øyvind Pedersen. Frå venstre framme: Tenesteleiar for helse og meistring Tonje Kristine Lien Barkenæs Eggen, arealplanleggjar Therese Moe Øye og frå Trygg Trafikk spesialrådgjevar for Innlandet David Tofthagen.