Lom formannskap gjorde 30.04.2025 i sak FS 2025/28 vedtak (PDF, 646 kB) om å legge forslag til detaljreguleringsplan for del av Flatmo gnr. 85 bnr. 1 (planid. 34340013) ut til offentleg ettersyn og høyring.
Planområdet ligg sør og nord for fv. 2644 Flatmovegen, i Flatmogrendi. Formålet med planarbeidet er å regulere delar av landbrukseigedomen Flatmo til kulturbasert næring og parkering nord for Flatmovegen og til bustader og næring sør for Flatmovegen.
Eigedomen 85/1 er ein landbrukseigedom, og heile eigedomen ligg i LNFR-område i kommuneplanens arealdel, vedteken desember 2022. Planforslaget inneber regulering til andre formål enn landbruk. Det er difor gjennomført konsekvensutgreiing. Planforslaget er utarbeidd av Olav Talle på vegne av grunneigarane Mari Midtli og Frikk Geilo.
Forslaget til reguleringsplan omfattar:
• Planomtale og KU (PDF, 3 MB)
• Reguleringsplankart (PDF, 530 kB)
• Forslag til planføresegner (PDF, 213 kB)
• ROS-analyse (PDF, 2 MB)
• OVA – plan (PDF, 3 MB)
• Planprogram (PDF, 6 MB)
Desse dokumenta ligg som vedlegg, saman med høyringsbrev og sakspapir frå handsaming i Samfunnsutvalet og Formannskapet (planutval). Ein syner til desse dokumenta.
Kart og dokument er også tilgjengeleg på kommunens si kartinnsynsløysing. Dokumenta ligg dessutan til gjennomsyn i papirversjon på kommunen sitt servicetorg og på biblioteket.
Frist for å kome med uttalar til planforslaget er sett til måndag 16. juni 2025. Uttalar sendast Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, eller på e-post til: postmottak@lom.kommune.no. Merk uttala med sak nr. 2023/1117.
Spørsmål om reguleringsplanarbeidet, kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar v/Sander Sælthun, tlf. 47 46 32 18 eller på e-post: sander-saelthun@lom.kommune.no
Olav Talle