Sjå dei nye skissene frå Kulihaugen

I førre formannskapsmøte fekk politikarane presentert tidlege skisser på korleis det kan bli sjåande ut på delar av Kulihaugen i framtida. Her kan du sjå skissene frå møtet. 

Gjennom prosjektet GNIST i 2022 vart det jobba med følgjande problemstilling: 

“Korleis skape eit meir attraktivt og mangfoldig butilbod i Lom, med utvikling av bustadfeltet Kulihaugen som utgangspunkt”? Rapporten og resultatet frå dette arbeidet finn du meir på heimesida vår www.kulihaugen.no

Sidan rapporten vart levert har det vorte jobba vidare med GNIST, der den eine delen handlar om planlegging og bygging av omsorgsbustadar.  Dette arbeidet er framleis i tidleg fase, men Clemens Eiendom og Konsept Pluss har teikna eit utkast til korleis det kan bli sjåande ut. Dette vart presentert for politisk nivå den 19. og 20. februar, i både samfunnsutvalet, levekårsutvalet og formannskapet. 
Her kan du sjølv sjå skissene og presentasjonane:  

1. Introduksjon ved konstituert kommunedirektør Trond Byre-Haakensen (PDF, 2 MB)

2. Konsept og skisse ved Clemens Eiendom og Konsept Pluss (PDF, 4 MB)
 

Bilde av omsorgsbustad (Konsept Pluss) - Klikk for stort bildeBilde av omsorgsbustad (Konsept Pluss)

Kort bakgrunn: 
Den eine grunneigaren av Kulihaugen (Opplysningsvesenets fond) har eit datterselskap som heiter Clemens Eiendom, som driv kommersiell eigedomsutvikling på vegne av OVF. 
Desse har vidare eit samarbeid med eit selskap som heiter Konsept Pluss, som har spesialisert seg på m.a. omsorgsbustadar. Den andre grunneigaren på Kulihaugen er Lom kommune. 

Vidare framdrift: 
Det skal leggast fram ei sak til politisk nivå, etter planen i juni 2024. 
Her vil det vere behov for å ta vegvalg knytt til om det er aktuelt å gå vidare med planane på Kulihaugen eller ikkje, i tråd med tidlegare kommunestyrevedtak. 

Parallelt med dette jobbar Asplan Viak med ein reguleringsplan for Kulihaugen,  på oppdrag frå Lom kommune. 

Utover skissane for omsorgsbustadar blir det framleis jobba med hovudmålsetning frå GNIST, nemleg å skape eit attraktivt bustadtilbod på Kulihaugen. Lom kommune har fått kr. 800 000 i tilskot frå Husbanken til dette arbeidet, det kan du lese meir om her.  
Det skal mellom arrangerast ei ny bustadkonferanse i mai, estimert dato er 22. mai. 
Sett av datoen allereie no, så kjem det meir informasjon etterkvart! 

Du kan også lese om saka i Fjuken (krev innlogging):