Status for arbeidet med kommuneplanens arealdel

 

Kommuneplanens arealdel er styringsdokumentet for arealbruken i kommunen, og for seinare detaljplanlegging (reguleringsplanar). Gjeldande arealdel for Lom kommune er frå 2003.

Ny samfunnsdel til kommuneplanen vart vedteken i oktober 2016. I forkant av behandling av samfunnsdelen var det kunngjort innspelsrunde også for arealdelen. Arbeidet med revisjon av kommuneplanens arealdel har trekt meir ut i tid enn det som er ønskjeleg, men er no godt i gang att. Vi kan fortsatt ta i mot innspel til kommuneplanens arealdel fram til 12. april (påske). Innspel kan sendast kommunens postmottak. Etter påske vil det bli arbeidd vidare med konsekvensutgreiingar, plankart og planføresegner, og målet er å ha eit framlegg klart for første politiske behandling og offentleg høyring hausten 2019.

Presentasjon for kommunestyret 19. februar:

 

. Ta kontakt med kommunen om du vil ha tilsendt heile konsekvensutgreiinga.

Kontakt

Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218