Topp stemning på Afterwork i Lom

Afterwork på Sentral`n i Lom med over 30 deltakarar frå Skjåk, Lom og Vågå! 

Skjåk, Lom og Vågå kommune sitt "Bli Hjå Oss" prosjektet arrangera i går Afterwork på Sentral`n i Lom. Topp stemning, godt oppmøte, fantastisk pizza gav ein triveleg kveld for store og små. Vi hadde håpa på knallsol og takterrasekos, men plan B med bordsetting innandørs i dei trivelege lokala til Sentral`n funka ypperleg.  Det var ekstra morosamt at det var ein så fin blanding deltakarar frå Skjåk, Lom og Vågå.  Dei som kom var innbyggjarar som har bodd alle sine år i Ottadalskommunane til heilt ferske Ottadølar!

Tusen takk til alle som tok turen.  Følg med på vår Friskus ("kva skjer") kalender på aktivitetar framover:  http://lom.friskus.com.  Samt  “Bli hjå oss” på Facebook: http://bit.ly/3Zx00fn