Planområdet ligg langs Veodalsvegen, sør for Nåvårsætrin i Vårdalen statsålmenning sør. Det har vore
grustak innafor planområdet i ei årrekke som har vore avklart i kommuneplanen, men uttaket er
ikkje tidlegare regulert. Detaljreguleringsplanen som er vedteken, legg grunnlag for å sikre vidare drift i
tilknyting til vedlikehald av veganlegget Hesthagen-Smørli og Veodalsvegen. Planen er utarbeidd av Felles plankontor for
Lom og Skjåk kommunar.
Detaljreguleringsplanen omfattar følgjande dokument:
Planomtale (PDF, 9 MB)
Reguleringsplankart (PDF, 680 kB)
Planføresegner (PDF, 788 kB)
ROS-analyse (PDF, 3 MB)
Masseberekning (PDF, 4 MB)
Sakspapir frå sluttbehandlinga av planen i Lom kommunestyre. (PDF, 688 kB)
Plankartet saman med andre kartdata, kan ein sjå i kommunen si kartinnsynsløysing Geoinnsyn. Den
finn du her, eller ved å gå på Kart og Enkel kartløysing på kommunens heimeside (dersom du er på
liten skjerm kan du måtte gå via Vis snarveier). Vel Plan og vidare Gjeldande reguleringsplan. Søk på
Tesse i søkefelt, og gå til Tesse (Innsjø) under Stedsnavn. Der ligg det regulerte området markert.
Ein kan klage på kommunestyret sitt vedtak om godkjenning av planen. Eventuell klage sender du til Lom kommune innan 07.08.2025.
Spørsmål om reguleringsplanen kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar v/ Øyvind Pedersen, tlf. 47333678 eller på e-post: oyvind.pedersen@lom.kommune.no
Her ser du oversikt over vedtekne reguleringsplanar.