Frå fredag 02.11 og ei stund framover blir det plassert ut to konteinerar for restavfall i Grov, for plast og anna avfall som blir rydda frå strandsona her. Du kan også levere innsamla avfall frå strandsona langs Otta og Bøvre på Lom miljøstasjon - meld frå til dei som arbeider der at det er avfall innsamla etter flaumen. Ikkje bruk NGR-merka sekker, du får plastsekker til å plukke/ levere avfall i på servicetorget på kommunehuset.
Bruk hanskar og egna arbeidstøy/ fottøy. Vis varsemd – djupe vasshol kan vere gøymt under glasoporen!
Kanner som kan innehalde brennbare væsker, kjemiske stoff og anna farleg avfall må plasserast ved sidan av konteineren – ikkje oppi!
Glasopor:
Kommunen samarbeider med Fylkesmannens miljøvernavdeling og Glasopor AS for å finne den beste metoden for å fjerne glasoporen i Grov.
Henting av glasopor må skje etter avtale med grunneigar. Hugs at bruk av motorkjøretøy utanfor kjøreveg ikkje er tillatt!
Sumpskogen og elvesletta utanfor Grov er registrert som regionalt viktig naturtype – elvedelta; her er det viktige naturverdiar som må takast vare på.