Varsel om oppstart av planarbeid, områderegulering Lågkollen nærings- og industriområdeFormannskapet i Lom gjorde 10.06.2025 i sak PS 2025/ 38 vedtak om å starte opp arbeidet med områderegulering for Lågkollen nærings- og industriområde (planid. 34340014).Planområdet ligg øvst i Vårdalen i Garmo. Føremålet med reguleringsplanen er å etablere nytt nærings- og industriområde med tilhøyrande infrastruktur. Dette då det per i dag ikkje er att ledige næringstomter i eksisterande industrifelt i Prestøya/Gjeisarøya/Skjæsarøya. Planen skal utarbeidast av Felles plankontor forLom og Skjåk kommunar, og er tenkt endeleg handsama til sommaren 2026.Varsel om planoppstart omfattar følgjande dokument:VarselbrevSaksprotokollPlanprogramAdresselisteDesse dokumenta finn du nedst denne artikkelen.Planområdet er på om lag 253 daa, og området si avgrensing går fram av kartet under. Fleire kart, utfyllande informasjon og ei liste over kvaeigedomar som er omfatta av planarbeidet finn ein i vedlagde kopi av utsendt oppstartvarsel med tilhøyrande vedlegg. Lågkollen nærings- og industriområde. Planområdet er på omlag 253 daa.Ein kan komme med innspel til planarbeidet. Innspel kan sendast som brev til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom - eller på e-post til post@lom.kommune.no. Frist for innspel er sett til 28.09.2025.Spørsmål om reguleringsplanen kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar ved:Øyvind Pedersen, tlf. 47 33 36 78, e-post: oyvind.pedersen@lom.kommune.no ellerTherese Moe Øye, tlf. 94 49 87 88, e-post: therese.moe.oye@lom.kommune.no Varsel om oppstart av planarbeid Tittel Publisert Type Adresseliste.pdf Adresseliste 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Adresseliste.pdf Saksprotokoll oppstart La°gkollen.pdf Saksprotokoll oppstart Lågkollen 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Saksprotokoll oppstart Lågkollen.pdf Melding om oppstart av planarbeid for La°gkollen nærings- og industriomra°de - med planprogram for konsekvensutgreiing.pdf Varselbrev 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Melding om oppstart av planarbeid for Lågkollen nærings- og industriområde - med planprogram for konsekvensutgreiing.pdf RP La°gkollen Planprogram 20250807.pdf Planprogram 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned RP Lågkollen Planprogram 20250807.pdf Publisert 11.08.2025 15.02
Velkome til HEIM 2024 - Bustadkveld i Lom 22. mai frå kl. 18 - 21 inviterer Lom kommune alle interesserte til ein bustadkveld i Utgard. Arrangementet er gratis og ope for alle som er interesse...
Jubel for Norsk fjellsenter og Leirvassbu Sparebankstiftelsen DNB deler ut heile 20 millionar i tilskot til eit prosjekt på Norsk fjellsenter og 35 millionar til oppsussing av Leirvassbu. Grat...
Bli-kjent-treff i Lom Torsdag 25.april arrangerer Lom kommune sitt årlege bli-kjent-treff med middag på Fossheim.