Barnehage og utdanning

 Høgdepunkt frå 2020 - Barnehagane i Lom, Loar barneskule og Lom ungdomskule. 

  Begge barnehagane i Lom, Garmo barnehage og Loar barnehage, er kommunale. Barnehagen gjev eit pedagogisk tilbod for barn under opplæringspliktig alder.

"Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling."

(Lov om barnehager § 1Formål)

Barnehagen er styrt av "Lov om barnehage" og "Rammeplan for barnehagen"

 Loar skule husar barnesteget i grunnskulen i Lom, det vil seie 1.-7. klasse, vi har også SFO-avdeling. Vi skal drifte skulen etter Opplæringslova og skal fylgje den nye læreplanen, Kunnskapsløftet 2020.

 Formålsparagrafen i Opplæringslova seier mellom anna at opplæringa i skule skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane historisk og kulturell innsikt og forankring. Elevane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.

Enklare sagt arbeider Lom ungdomsskule for at alle elevane skal oppnå fagleg og sosial utvikling og vekst i eit skulemiljø der alle elevane opplever trivsel og tryggleik. Når dei avsluttar skulegangen hjå oss, skal dei vere klare for vidaregåande skule.