Liten og stor i Lom

Om du er liten eller stor - vi ynskjer at du skal trivast i Lom!

Lom er ein plass for deg som likar å vere aktiv. Fjella og naturen er sjølvsagt ei naturleg base for dei som driv med friluftsliv av ulike slag, men vi har også Utgard fleirbrukshus med treningsrom, idrettshall og kultursal.

Innebandy, buldring, fotball, ski, frisbeegolf, spinning, kor, kino - det er mykje som skjer i Lom, men det er ikkje alltid like enkelt å finne ut kvar og når. 

Spør gjerne oss i kommunen dersom du ynskjer å få meir informasjon, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan. Send ein e-post til post@lom.kommune.no

Under finn du lenker til eit utval friviljuge lag og organisasjonar.