Tenesta
Psykisk helseteneste i Lom og Skjåk er ei lågterskelteneste. Den er gratis og du kan sjølv ta kontakt eller få henvisning frå fastlege eller andre. I Lom har vi kontor på Gamle Loar. I Skjåk disponerer vi kontor på Skjåkheimen.
Tenesta har tre tilsette i fulle stillingar. Arbeidstid kvardagar mellom 08.00-15.30.
Målgruppe
Målgruppe er alle frå ungdomsskulealder og oppover som bur eller oppheld seg i Lom eller Skjåk.
Dei vanlegaste problemstillingane er angst, depresjon, stress, rus eller samansette helsevanskar som gjer at du har vanskar med å fungere godt i det daglege, både på arbeid og heime.
Livskriser, akutte hendingar/sjukdom kan gjere at du treng nokon å snakke med ang din situasjon, hjelp til å sortere, nyorientering.
Vi kan også yte teneste til ungdom, frå ungdomsskulealder og oppover som kjenner på stress, forventningspress, mistilpassing , konflikter eller anna som grip om seg i kvardagen.
Korleis du får kontakt med oss
Du kan sjølv ta kontakt med tenesta via telefon eller epost til leiar Håvard Å Svestad.
Fastlege kan henvise eller du kan få hjelp av andre til å ta kontakt.
Dette skjer etter at du har teke kontakt med tenesta
Så snart vi kan, og seinast innan 3 veker, vil du få ein kontaktperson . Vi kan tilby snarlegare avtale dersom det er bruk for det. Du får tilbod om 2-3 kartleggingssamtalar, vi gjer ei helheitleg kartlegging med fokus på psykisk helse. Du vil også få ei informasjonsbrosjyre.
Dersom du og kontaktperson etter kartleggingssamtaler meiner at psykisk helseteneste kan bidra i endringsarbeidet ditt , vil kontaktperson drøfte din situasjon /di sak i tenesta. Det vil i samråd med deg bli utarbeidd ein enkel behandlingsplan med mål om kva du ynskjer å endre, korleis dykk skal arbeide og tidsperspektiv/evaluering.
Dersom du har behov for fleire tenester, til dømes frå Nav, fysioterapeut, heimesjukepleie eller andre, rår vi til å opprette ei ansvarsgruppe med ein koordinator. Dette for å sikre at tenestene dine vert samordna .
Metodar /arbeidsmåtar
Det er du sjølv som er den viktigaste aktøren i endringsarbeid for å fungere betre i kvardagen. Brukarperspektivet legg til grunn at førebygging, kartlegging og behandling skal ta utgangspunkt i brukarens kunnskap, ynskjer og mål.
Pårørande og nettverk er også ein ressurs både for deg og dei ulike helsetenestene.
Pakkeforløp for psykisk helse og rus i spesialisthelsetenesta
Pakkeforløpa har som mål å bidra til at pasienten får gode, koordinerte og samanhengande tenester. Pakkeforløpa vi bli implementerte trinnvis.
https://helsenorge.no/psykisk-helse/pakkeforlop-for-psykisk-helse-og-rus
- Pakkeforløpskoordinator i Lom og Skjåk: Håvard Åmot Svestad, leiar psykisk helseteneste, tlf. 48149062
- Pakkeforløpskoordinator i Lom for barn og unge: Liv Marie Øyjordet, leiande helsesjukepleiar, tlf. 97667747
Dei tilsette i psykisk helsearbeid i Lom og Skjåk
- Håvard Åmot Svestad: fagleg og administrativ leiar. Tlf 481 49 062
- Aud Kroken. Tlf 480 27 261
- Torill Jonsson. Tlf 959 82 596