Bli-kjent-treff i Lom 1.november

Onsdag førre veke var nesten 40 personar samla på bli-kjent-treff. Les meir om årets treff her.

Tradisjon tru…

Det har blitt ein tradisjon at Lom kommune inviterer inn til bli-kjent-treff for på hausten.  I år, som tidlegare år, var programmet inndelt i to delar; fyrst ein omvising i Lom, og deretter middag på Fossheim hotell. 

Omvising

Turen starta på Utgard fleirbrukshus, der driftsleiar Marit Rolstad synte fram idrettshallen, kultursalen og treningsrommet. Dei frammøtte fekk høyre om kva for tilbod som finns i Utgard, til dømes kino, symjing og aktivitetar i regi av idrettslaget. 

Vidare gjekk fylgjet til Lom folkebibliotek der biblioteksjef Rita tok imot oss. Her fekk vi informasjon om mellom anna meirope bibliotek, foredrag og kinovisning for dei minste. 

Sist ut på omvisingsrunda var Lom friviljugsentral og ungdomsklubben. På friviljugsentralen fortalte Weronika om dei ulike faste tilboda dei har gjennom veka, i tillegg til ein ny utlånsordning av vinterutstyr for born som dei organiserer. Oppe i 2.etasje held den flotte ungdomsklubben til, og ungdomskonsulent Oscar synte stolt fram både gamingrom, biljardbord og disco. "Ungdomsklubben er ein stad der ungdommen ikkje må prestere, men berre kan vere" sa Oscar.  Les meir om ungdomsklubben i Lom her. 

Middag på Fossheim

Etter omvising samla vi oss rundt langbord hjå Fossheim hotell. Varaordførar Bjørn Ola Aukrust ynskte velkomen og eit knippe junior-"spelemenn" frå kulturskulen spelte flott på fele for oss. Etter at middagen var spist opp gjekk vi opp i peisestugu, der vi hadde quiz, kake og kaffi. 

Totalt var vi 39 personar på treffet, beståande av heilt nye tilflyttarar, folk som har budd her nokre år og planleggingskomitèen frå kommunen. Det var gledeleg at mange nyleg tilflytta ukrainarar var med, og med god hjelp av ein tolk gjekk kommunikasjonen bra heile kvelden. Takk også til dei to friviljuge som var med og bisto litt ekstra med ukrainarane.

Planleggingskomitèen takkar for ein svært triveleg kveld!

Vil du bli med på framtidige treff? Fylg med på kommunens heimeside og Facebookside. 

Kontakt

Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Mobil 453 12 269