Sal av næringstomter i Gjeisarøye og Skjæsarøye

Mandag 28. april vart det arrangert eit møte for næringsaktørar i Gjeisarøye og Skjæsarøye ang. sal av næringstomter. 
På onsdag fastsette formannskapet prisen for tomtearealet, og salet kan sette i gong. 

Lom kommune har vedteke å selge ut næringstomter i det som blir kalla Skjæsarøye og Gjeisarøye. 
Mandag 28. april inviterte vi næringslivet i området til eit informasjonsmøte om saka, basert på at prisnivået skulle opp til behandling i formannskapet den 30. april. På møtet deltok kommunedirektør, ordførar og næringssjef frå kommunen. 

Presentasjonen frå møtet kan lesast her: (PDF, 14 MB)

Saksframlegget frå formannskapet kan lesast her: (DOCX, 49 kB)

Vidare prosess: 
Kommunen v/ næringssjefen kjem til å kontakte samtlege aktørar i området og høyre om dei er interessert i å kjøpe eller om dei heller vil fortsette festeavtalen. 
Ta gjerne kontakt allereie i dag dersom det gjeld di bedrift, så kjem vi fortare i gang.
Kontaktinformasjon: ashild.amundsen@lom.kommune.no / tlf. 975 22 977. 
 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje