Signal frå næringslivet i Lom

I denne artikkelen ser vi attende på svara vi fekk inn frå bedriftene i 2021. Mesteparten er framleis veldig relevant, sjølv om verda endrar seg raskt. 

Hausten 2021 fekk vi inn svar frå 63 bedrifter, som har danna grunnlaget for mykje av næringsarbeidet som er gjort i etterkant. Kanskje kan dette vere av interesse for både næringslivet sjølv og ikkje minst det nye kommunestyret i Lom.

Bakgrunnen for undersøkinga var at Lom kommune ville jobbe meir systematisk for å bli ein meir næringsvennleg kommune. Både Distriktssenteret og Innovasjon Norge anbefaler at kommunen spør næringslivet om innspel, for å danne seg eit bilde av “dagens status”.  

Her finn du ein presentasjonen av svara som kom inn frå næringslivet. (PDF, 2 MB)

Tusen takk til alle som bidrog! Resultata har vore brukt aktivt inn i arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, som du finn her. 
Oppfølginga av samfunnsdelen finn du i dei årlege økonomi- og handlingsplanane, den førre versjonen av det finn du her. 

I desember blir det vedtatt ein ny økonomi- og handlingsplan av eit nytt kommunestyre. 

Har du innspel på kor ofte Lom kommune bør gjennomføres slike undersøkingar? 
Vi vil gjerne høyre frå deg! :-) 
Ta i så fall kontakt med næringssjef på ashild.amundsen@lom.kommune.no eller på tlf. 975 22 977.
 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje