Samfunnsdel til kommuneplan for Lom kommune

Kvar skal vegen for Lom gå dei neste åra? 

Gjennom å vedta ein kommuneplan med satsingsområda berekraft, attraktivitet og leve heile livet i Lom har vi sett oss mål som vi skal arbeide aktivt mot, både som kommuneorganisasjon og saman med innbyggjarane i Lom.

Mange av måla heng saman med store nasjonale satsingsområde som kommunen er ein del av, og har direkte samanheng med omstillingar som Lom må gjennom dei næraste åra. Nokon mål er kommunen sine heilt eigne. Og i botnen av alt dette ligg FN sine berekraftmål: Ei berekraftig utvikling, der ein imøtekjem dagens behov utan å øydelegge moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekt sine behov. 

Samfunnsdelen vart vedteken av Lom kommunestyre 15.12.2022 sak 2022/78. Kommuneplanen har eit langtidsperspektiv på tolv år, men minst kvart fjerde år skal ein vurdere om planen treng revidering. Kommuneplanen har også ein arealdel. Gå til aredaldelen.

Dokument

Kontakt

Anne Silje Berg
Tenesteleiar plan, byggesak og miljø
Telefon 905 83 658

Adresse

Lom kommune

Sognefjellsvegen 6

2686 LOM

61 21 73 00

post@lom.kommune.no

Orgnr.: 959377677

Opningstid Servicetorget

kvardagar: 10.00 - 14.00