Kort og godt om Lom kommune

Fyrst, litt fakta om Lom: 

  • Lom ligg i Nord-Gudbrandsdalen i Oppland Fylke, og grensar til Vågå, Skjåk, Luster, Vang og Lesja.   
  • Kommunen har eit areal på 1945 km2
  • Lom har rundt 2212 innbyggjarar (1. kvartal 2022)
  • Over 90% av arealet i Lom er over 900 m.o.h.
  • Lom er den mest typiske fjellkommunen i Noreg, med 135 eine toppar og 23 grensetoppar over 2000 m.o.h. 
  • Lom sentrum, Fossbergom, ligg 382 m.o.h.
  • Rundt 60% av arealet i Lom er verna – vi har mellom anna tre nasjonalparkar (Breheimen, Jotunheimen og Reinheimen). Sentrum fekk status som nasjonalparklandsby i 2008. 
  • Lomskyrkja frå sist på 1150-talet er ei av dei største stavkyrkjene i landet
  • Bygda har lange tradisjonar innan jordbruk og reiseliv 

 

Eit sentralt knutepunkt i Sør-Noreg

Alle veger fører til Lom – nesten. Frå her tek det mellom fire og fem timar til Oslo, Bergen og Trondheim med bil, og ein time med bil/buss til Otta, som har togsamband nord- og sørover. Fleire busselskap fraktar deg til dei fleste reisemål i Midt-Noreg. På eit par timar er du i Geiranger, og vegen over Sognefjellet fører fram til Luster, som ligg i botnen av den lengste fjordarmen på Vestlandet. Vegen over Valdresflya tek deg til Fagernes og Leira, der det er flyplass med chartertrafikk. 

Eventyrlandet mellom aust og vest:

Lom kan med rette kalle seg Noregs høgaste kommune – 7 av Noregs høgaste fjell ligg her, inklusiv Galdhøpiggen på 2469 meter over havet.

Omkransa av dei høgaste fjelltoppane i landet har Lom ein særmerkt topografi, der naturattraksjonane ligg som perler på ei snor. Det er ikkje utan grunn at Lom er både nasjonalparkkommune og Lom sentrum (Fossbergom) er nasjonalparklandsby.

Geografien vekslar mellom dei høgaste tindane i Nord-Europa, stupbratte fjellsider med iaugefallande fossar, tronge bekkefar, fiskerike vatn, dalføre med gamalt kulturlandskap og skogkledde lier. 

Aktiv fritid

Lom kan tilby ei av dei mest etterspurde varene blant utanlandske turistar - stillheit og ro. Vi fører ein restriktiv politikk mot motorferdsel i utmark, og du vil alltid finne ein plass for å koma vekk frå den stressande kvardagen. Ein lomver nyttar fjellnaturen i sitt daglege liv; gjennom hausting av utmarksressursar og aktivt uteliv. Vidare legg vi vekt på bruk av fjellet på andre måtar; naturbasert reiseliv, tradisjonelt reiseliv og nye uteaktivitetar - så vel i barnehage og skule, som i eldreomsorg og ved kyrkja sine fjellmesser utandørs. Vi ønskjer at friluftsliv skal vera for alle og vil vise kva friluftslivet har å seia for å fremja ei god helse og auka trivsel. Stikkord er naturglede og felles opplevingar. 

Ekte eigenart

Lom er bygda som likar å gå sine eigne vegar. Her finn du lange tradisjonar innanfor musikk, dans, handverk, byggjeskikk, landbruk og matstell. Vi har reine råvarer på fjell og i fjøs. Dette er verdiar vi er stolte av. Bygda har eit rikt organisasjonsliv, og det friviljuge arbeidet til om lag 40 lag og foreiningar set sitt tydelege preg på fest og fritid. Byggjestil, husflid, handverk og lokale musikktradisjonar har ikkje gått tapt i møtet med nasjonal og internasjonal påverknad. Vi vil leggje vekt på å støtte kulturtiltak som aukar trivsel og tryggleik og styrkjer samkjensle og identitet. Sentrumet Fossbergom er kjent for sin særeigne stil, med brune hus og bestemte krav til takvinkel og materialval.