Elektroniske skjema

Sjølvbetening - Enkelt for deg, viktig for Lom kommune! Dei fleste kommunale skjema er tilgjengelege i elektronisk form 24 timar i døgnet.

Du kan velje å logge inn

Når du kjem til framsida av skjemaløysinga, finn du val for å logge deg inn øvst oppe til venstre. Du kan og velje å logge deg inn før du startar å fylle ut kvart einskild skjema. Før du logger deg inn første gangen må du oppretta ny brukar. Da må du oppgje namn og e-postadresse og du må sjølv lage deg eit passord. Vel du å logge deg inn, kan du lagre utkast av skjema, halde fram med utfyllinga seinare og sende inn søknaden når du er ferdig. Du vil og få ein oversikt over kva for skjema du har sendt inn.

Fylle ut skjema utan innlogging

Du kan og velje å fylle ut skjema utan å logge deg inn. Da får du ikkje høve til å lagre skjema og halde fram med utfyllinga seinare, og du får heller ingen oversikt over tidlegare innsendte skjema.

 

Du må ikkje bruke elektroniske skjema

Det er mogleg å levere skjema utan å bruke den elektroniske skjemaløysinga. Ta kontakt med servicetorget, så kan dei hjelpe deg med utfylling eller du kan få utlevert skjema for utfylling på papir.

Kontakt

Ola Ø Rossehaug
Informasjonskonsulent
Mobil 958 36 826
Trond Byre-Haakensen
Rådgjevar kultur og idrett - leiar servicetorget
Mobil 934 29 318