I 2008 fekk Lom status som nasjonalparklandsby av daverande Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning. Prosjektet var eit nasjonalt pilotprosjekt under programmet "Naturen som verdiskaper" , der Lom er ein av fem tettstader som fekk statusen. Det nasjonale nettverket for nasjonalparklandsbyar består av Lom, Geilo, Jondal, Vingelen og Storslett nasjonalparklandsby. Lom har eit unikt utgangspunkt for å vere ein nasjonalparklandsby. Fossbergom er ein naturleg innfallsport til heile tre nasjonalparklar, kommunen har lange tradisjonar for å ta imot tilreisande og det finst eit variert tilbod innan overnatting, aktivitetar og mat.
Kva har skjedd så langt?
Prosjektet starta opp med eit forprosjekt, og var inne i ei prosjektfase i 2010-2014. Etter 2014 er ein inne i ei driftfase.
Dette er noko av det som har vorte gjennomført så langt:
Tilretteleggingstiltak:
- Friområde m/ benker og bord og turstig ved Utleggsbrua
- Tilrettelegging for fiske i Skim, i samarbeid med Skim grunneigarlag
- Oppsett av leikehuset «Labyrinten» ved Kyrkjevollen
- Tilrettelagte og merka turstiger lett tilgjengeleg frå Lom sentrum til lokalbefolkning og tilreisande
- Tilrettelegging for badeplass ved Utleggbrua
- Tilsett landsbyvakt kvart år frå mai-september for å halde vedlike stignettet, blomar i sentrum m.m.
Egil Olav Nyrnes og Mai Bakken
Informasjonstiltak:
- Utgitt Nasjonalparkmagasin i samarbeid med Fjuken
- Bokpakke om nasjonalparkane og roll-ups til omkring 20 bedrifter i samarbeid med Lom folkebibliotek
- Opptrykk og distribusjon av kartet «fotturar i Lom» kvart år, til gratis distribusjon på norsk, engelsk og tysk
- Tre store og fem små informasjonstavler rundt om i sentrum knytt til Bergomsrunda og turstignettet (Norsk Fjellmuseum, Vassvaglen og Lomseggen AS).
- "Kom til Lom" t-skjorter til tilsette i kommunen og i servicenæringa
- Digitalisering av fotturrutar
Arrangement, vertskap- og kompetansetiltak m.m:
- Innkjøp av landsbysyklar i samarbeid med Norsk Fjellmuseum
- Oppsett av zip-line over Prestfossen i samarbeid med Aktiv i Lom
- Vertskapskurs for ca. 40 tilsette frå servicenæringa, i samarbeid med fleire
- Visningstur for servicenæringa
- Utvikling av naturstigen «Rådyrtrakket» i Presthaugen, med dyr og brosjyrar
- Landsbydag for å feire den internasjonale nasjonalparkdagen 24. mai
- Medarrangør på julemarknad, handelshelg etc.
- Landsbytrim m/post
- Arrangert Innovasjon Norge kurset "Bli en bærekraftig bedrift"
- Arrangert Innovasjon Norge kurset "Opplevelsesdesign"
- Arrangert to BKA-kurs med støtte frå VOX
- Arrangert kurs i digital marknadsføring
Implementering av den nye merkevara "Norges nasjonalparker":
I 2016-2017 skal heile nasjonalparklandsbyen få ny identitiet som ein del av den nye merkevarestrategien til Miljødirektoratet.
Dette inneber m.a.:
- Utbytting og revidering av åtte infomasjonstavlar i sentrum
- Tre ny vegskilt i innfallsårene til sentrum
- Reviderte fotturkart
- Nytt skilt på kommunehuset
- Ny video og ny bilder frå nasjonalparklandsbyen i tråd med ny profil
Den nye merkevarestrategien kan du sjå her: http://designmanual.norgesnasjonalparker.no/
Prioriterte tema
Dei fem nasjonalparklandsbyane i Noreg satsar på sju ulike tema:
- Intern forankring og erfaringsutveksling
- Overordna merkevarebygging (derav informasjon og marknadsføring)
- Vertskapsrollen
- Kompetanseheving born og unge
- Miljø
- Arrangement
- Produktutvikling og infrastruktur
Ynskjer du å vite meir om Lom nasjonalparklandsby?
Lom har med jamne mellomrom besøk frå kommunar og andre som er interessert i å vite meir enn Lom nasjonalparklandsby og arbeidet som er gjort så langt.
Det er alltid triveleg og lærerikt å få besøk, så ta gjerne kontakt med landsbykoordinator og næringssjef Åshild M. Amundsen dersom du vil vite meir.