Generelt om byggesak

Tenesta omfattar behandling av søknadar m.v. etter plan- og bygningslova (Pbl). Tiltaka kan delast i tre kategoriar.

1. Tiltak som krev søknad og løyve.

Gjeld tiltak som er omfatta av Pbl kapittel 20 § 20-1. For tiltak etter § 20-1 fyrste leden punkta a) - l) er kravet at søknad, prosjektering, utføring og kontroll skal utførast av føretak med ansvarsrett i samsvar med bestemmelsar i lovas kapittel 22 og 23 dersom ikkje anna går fram av §§ 20-2 og 20-3.

 

2. Tiltak som krev søknad og løyve - som kan utførast av tiltakshavar

Gjeld tiltak som er omfatta av Pbl kapittel 20 § 20-4 - t.d. mindre tiltak på bebygd eigedom, vanlege driftsbygningar i landbruket, bygg, konstruksjonar eller anlegg med mellombels plassering for eit tidsrom av inntil 2 år og andre mindre tiltak som etter kommuna sitt skjøn kan utførast av tiltakshavar.

 

3. Tiltak som ikkje krev søknad og løyve.

Gjeld følgjande tiltak etter Pbl § 20-1 dersom dei er i samsvar med plan:

Mindre frittliggjande bygningar på bebygd eigedom som ikkje skal brukast til bustadføremål,

  • mindre frittliggjande byggverk knyta til jordbruks-, skogbruks- og reindriftsområde,
  • mindre tiltak på eksisterande byggverk,
  • mindre tiltak utandørs,
  • mindre fasadeendringar og tiltak som kommuna finn kan fritakast for søknadsplikt.

Søknad om løyve er heller ikkje naudsynt for tiltak etter § 20-1 fyrste ledd bokstav j) når tiltaket ikkje skal stå i lengre tid enn 2 månader.

 

Skjema og dokument

Søknadsblankettar for byggesak(søknadsblankettar frå Direktoratet for byggkvalitet)

 

Kontakt

Øystein Brandsar
Byggesakshandsamar
Mobil 900 15 146
  • Tilgjengeleg på telefon: Måndag, tysdag, torsdag og fredag.
  • Kontorstad:  Byggesaksbehandlarane Øystein Brandsar og Nils Henry Fosstuen har kontordag i Skjåk onsdagar. Dei kan treffast i andre etasje på kommunehuset. Resten av veka er dei å treffe på kommunehuset i Lom. Det kan vere lurt å gjere avtale med dei i forkant.

 

Nils Henry Fosstuen
Byggesaksbehandlar og GIS-konsulent
Mobil 482 57 651