Val 2023

Kommunestyre- og fylkestingsval 2023

Valdagen er måndag 11. september 2023. 

Gå til vallister.

Tidlegstemme

Frå 3. juli til 9. august kan du tidlegstemme i kva som helst kommune dersom du ikkje har mogleheit til å stemme i den ordinære førehandstemmeperioden eller på valdagen.

Ta kontakt med kommunen du ynsker å tidlegstemme i for meir informasjon.

Les meir om tidlegstemme på valg.no.

Førehandstemme

Du kan førehandstemme frå 10. august til og med 8. september. I denne perioden kan du stemme i vallokale over heile landet.

Les meir om førehandsstemming på valg.no.

Legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal stemme. Det er ikkje nok å ha med valkort, eller å gje opp namn og fødselsdato.

Les meir om kva for legitimasjon som er gyldig på valg.no.

Vallokale i Lom

Sundag den 10. og måndag den 11. september 2023 blir det halde val i desse lokala med følgjande tidspunkt:

Vallokale 2023
Krins Røystelokale Opningstid sundag Opningstid måndag
01 Loar Kommunestyresalen, Midtgard Kl. 15:00 – 18:00 Kl. 09:00 – 17:00
02 Bøverdalen Bøverdalen samfunnshus, Boomerstugu Kl. 15:00 – 18:00 Kl. 09:00 – 17:00
03 Garmo Garmo skule Kl. 15:00 – 18:00 Kl. 09:00 – 17:00

Om du ynskjer å tidlegstemme eller førehandstemme, gjer du det i servicetorget på Midtgard.