Lom kommunestyre gjorde 05. november 2024 i sak PS 2024/85 vedtak av detaljreguleringsplan for Eggjavegen 14, med planid. 34340010. Planen var fremma som privat planforslag av Nordplan AS, på vegne av SMH eiendom AS. Reguleringsplanen omfattar gnr. 70 bnr. 84 med tilgrensande kommunalt vegareal på gnr. 70 bnr. 200. Planområdet er på ca. 4,7 daa. Hovudføremålet med detaljreguleringsplanen er å legge til rette for bygging av konsentrert småhusbygnad på eigedomen.
Detaljreguleringsplanen som er vedteke, erstattar gjeldande reguleringsplan for Trondsonstugu/Ner-Eggje frå 2000 innan planområdet for den nye planen. Planen har ingen føresegner om konkret tal på bueiningar som kan tillatast innafor planområdet. Det er vedteken utnyttingsgrad i kombinasjon med maksimale byggehøgder, krav til minste uteopphaldsareal og krav på areal til biloppstillingsplassar, som vil avgjere kor mange bueiningar som det vil bli tillate å bygge i planområdet. I den vedtekne planen er utnyttingsgraden sett til 35 % bygd areal (BYA) som også inkluderer naudsynt parkeringsareal. Det er i reguleringsføresegnene nedfelt at BYA skal reknast ut frå eit areal på 3550 m². Byggeområde for konsentrert småhusbygnad er delt i 4 område, der det i planføresegnene er gjeve ulike maksimale mønehøgder fastsett som kotehøgder.
I skisseplanen frå Nordplan som følgde planforslaget frå tiltakshavar, er det vist 2 firemannsbustader, 1 tremannsbustad og 2 tomannsbustadar på arealet – dvs. totalt 15 bueiningar. Skisseplanen er ikkje juridisk bindande som følgje av planvedtaket, men må sjåast på som ei skisse frå tiltakshavar for ei mogeleg utbygging.
Planen omfattar følgjande dokument:
- Sakspapir frå sluttbehandling av saka
- Reguleringsplankart
- Reguleringsføresegner
- Planomtale frå Nordplan AS (der kap. 6 går ut og er erstatta av nytt, sjå under)
- Planomtale – nytt kapitel 6 - utarbeidd av plankontoret
- Skisseplan frå Nordplan AS
- ROS-analyse
- VAO-rammeplan
Desse dokumenta finn du lenker til nedst i saka.
Plandokumenta kan ein også finne på kommunen si kartløysing på internett via koplinga GeoInnsyn Eggjavegen 14. Ein må da huke av under fana Plan – Planar under arbeid. Utskrift av dokumenta ligg elles til gjennomsyn på kommunen sitt servicetorg og på biblioteket.
Kunngjeringsbrev med vedlegg er sendt til eigarar av naboeigedomar, statlege/regionale/kommunale instansar og organisasjonar med interesse i planarbeidet.
Partar i saka og andre med rettsleg klageinteresse, kan klage på kommunestyret sitt vedtak om godkjenning av planen, jf. forvaltningslova kap. VI. Eventuell klage sendast Lom kommune innan 3 veker etter kunngjeringa. Frist for klage vil da vere 06.12.2024.