Lom er vertskommune for den interkommunale ergo- og fysioterapitenesta som består av 2 årsverk ergoterapistilling, og 4,3 årsverk fysioterapistilling. I tillegg har vi 80% fysioterapeut med driftsavtale. Vi tykkjer vi er ein "luggum" gjeng som tilstreber eit kompetent fagmiljø.
Ergo- og fysioterapitenesta har ansvar for sine fagfelt i tillegg til kommunalt hjelpemiddellager. Avdelinga har lokalar i båe kommunane.
Tenesta har tett samarbeid med andre kommunale tenester innan helse, skular og barnehagar. Den faste stillinga vil ha arbeidsstad i Lom kommune mens vikariatet vil ha arbeidsmøtestad i Skjåk kommune. Da tenesta er felles for Lom og Skjåk kommunar kan det vere aktuelt med arbeidsoppgåver i båe kommunane ved behov.
Det er ledig ei fast stilling innan ergoterapitenesta i Lom og Skjåk med snarleg oppstart. Søknadsfrist: fortløpande.
Arbeidsgjevar kan hjelpe til med å finne bustad.
Arbeidsoppgåver
- Ergoterapifaglege oppgåver for å bidra til å styrke folkehelse, førebygging og re-/habilitering. Her inngår å kartlegge/undersøkje fysisk- og kognitiv funksjon med fokus på ressursar og meistring, rettleie brukare, pårørande og tilsette samt oppfølging av pasientar på institusjon.
- Koordinator for rehabilitering på institusjon.
- Delta i tverrfagleg samarbeid og vurderingsmøte.
- Koordinator for kvardagsrehabilitering.
- Utvikle, følge opp og implementere velferdsteknologi.
- Samarbeide med demensteamet.
- Kartlegge og tilrettelegge bustad
- Hjelpemiddelformidling og ansvar for lokalt hjelpemiddellager i samarbeid med vaktmeister og reingjeringspersonalet
Vi ser etter deg som er:
- offentleg godkjent ergoterapeut
- har godkjent politiattest
- har førarkort klasse B
I tillegg ynskjer vi at du:
- er glad i faget ditt, glad i menneske og har godt humør
- har evne til å samarbeide og vere fleksibel
- er strukturert og kan jobbe sjølvstendig
- har interesse for velferdsteknologi
-
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr deg:
- Løn etter utdanning og ansiennitet (årsløn i 100% stilling mellom kr. 507 400 - 745 100,-)
- God pensjonsordning i KLP
- Hjelp til å finne bustad
Er dette noko for deg?
Send inn ein søknad
Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
Nærare opplysningar om stillinga får du av avdelingsleiar for ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk:
Sivert Jonassen, telefon: 481 65 520 // e-post: sivert.jonassen@lom.kommune.no
Alle bileta nedanfor er teke av Live Andrea Sulheim.