Oppdatert oversikt over næringsareal og næringslokale i Lom

Er du på jakt etter næringsareal eller næringslokale i Lom? 
Da finn du ei oppdatert oversikt her. 

I løpet av det siste året (2019) har det vorte tildelt to næringstomter i industriområdet i Lom, til Gravferdshjelpa Lom og Skjåk ved Anne Sperstad og Ruler AS ved Jan Erik Husom. I tillegg har vi fått laga eit betre kart over næringsarealet som finst i retning Garmo (100 daa). 
Finn meir informasjon her, og ta gjerne kontakt med kommunen dersom du har spørsmål. 

Lokale til leige, tidlegare AK-maskin i industriområdet - Klikk for stort bildeLokale til leige, tidlegare AK-maskin i industriområdetNår det gjeld næringslokale, så har dei ledige lokala i Coop-bygget, ved Byggern og i Flækøybygget vorte fylt opp i løpet av 2018 /2019. 
Dette er positivt!
Desse er derfor fjerna på lista, mens det gamle bygget til AK-maskin har kome inn. Dette er no til leige, kontaktperson er Ola Steinbakke. 
Sjå den fullstendige oversikta her. 

I tillegg har Koldenbygget vorte lagt ut til sal med ei prisantydning på 2,5 millionar. Sjå bilder og meir info på finn.no. 

 


 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje