KoronavirusetGjeldande tilrådingar Hald deg heime om du føler deg sjuk, og unngå kontakt med personar som har risiko for å bli alvorleg sjuke dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom. Du treng ikkje å halde deg heime i 4 døgn. Kontakt lege om du har behov for helsehjelp. Du treng ikkje å teste deg med sjølvtest. Om du likevel har fått ein positiv test, gjeld dei same råda om å halde deg heime om du føler deg sjuk. Du treng heller ikkje registrere positive sjølvtestar hjå kommunen. Det er eigne tilrådingar for dei som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke med covid-19. Les meir om råd og informasjon til risikogrupper og pårørande (fhi.no). Les meir om kva du gjer ved nyoppståtte luftvegssymptom (fhi.no). Sjølvtestar vil framleis vere tilgjengeleg I ein overgangsperiode vil det vere tilgjengeleg sjølvtestar for dei som likevel ynskjer å teste seg. Råda ved positiv test er dei same; hald deg heime om du føler deg sjuk. Sjølvtestar kan hentast på legekontoret i opningstida. Har du spørsmål i samband med koronaviruset, ta kontakt med Lom legekontor: 61 21 72 00 Publisert 04.03.2020 15.39 Sist endret 06.01.2023 13.32
Oppdatert informasjon om testing for Covid-19 Har du nyoppståtte luftvegssymptom eller andre symptom på Covid-19 bør du teste deg.
Ha låg terskel for å teste deg! På grunn av smitteutbrot i nabokommunen ber vi om at du har låg terskel for å teste deg ved minste symptom.
Koronastatus 04.09.2021 - eitt nytt smittetilfelle Det er 1 stadfesta smitta laurdag 4.september. Tilfellet har ført med seg 5 nærkontaktar, derav 1 person i smittekarantene. Smitteve...
Koronastatus 31. august 2021 - ein stadfesta smitta Det er 1 stadfesta smitta, som har medført 1 person i smittekarantene i Lom. Det er ein oversikteleg situasjon, og smitte er knytt til til...
Smitteutbrot i Vågå - ha låg terskel for å teste deg! Det er eit pågåande smitteutbrot i Vågå kommune.
Smittetilfelle i Lom Det er i dag påvist smitte hjå ein person som oppheld seg i Lom kommune. Personen er isolert, og det er sett i gang smittesporing.
Status frå kriseleiinga 15.juni 2021 - ein ny smitta, kjent smitteveg Kommunen fekk stadfesta ein ny smitta i dag, 15. juni.
Status 26.04.2021 - legekontoret attende i normal drift Legekontoret er attende i normal drift att frå i dag.
Nyttige telefonnummer Her har du ei liste over telefonnummer som kan vere nyttige i ein vanskeleg situasjon.