Helsestasjons- og skulehelsetenesta

Stine og Liv Marie på Lom helsestasjon er glade for å vere attende i lokala sine att. Helsestasjon- og skulehelsetenesta er ei gratis teneste til alle barn og unge 0-20 år. Helsestasjon for Ungdom er inkludert i tenesta. Tenesta er eit lågterskeltilbod og skal ta i vare det heilheitlege førebyggjande og helsefremmande arbeidet. Tenesta arbeider òg med miljøretta helsevern, smittevern og reisevaksinering. Tenesta skal gje informasjon og rettleiing til barn og unge, føresette, gravide, samt befolkninga i kommunen.

Kva gjer ein helsesjukepleiar?

Ein helsesjukepleiar arbeider med barn og unge, og kan lytte og vera ei støtte til barn, unge og føresette, samt bidra til meistring hjå den einskilde.

I tillegg arbeider vi med helseundersøking og gjev rettleiing og støtte gjennom individuelle-, gruppe- og befolkningsretta tiltak.

Høgdepunkt 2020

I 2020 har Helsestasjon- og skulehelsetenesta og Helsestasjon for Ungdom vore tilgjengeleg i heile perioda med pandemi, tenesta har fulgt statlege retningslinjer der det har vore særskild fokus på at tilbod til barn- og unge skal oppretthalde normal drift. Tenesta har gjort nokre tilpasningar i høve smittevern, og tilsette har i perioder delteke i arbeid med kommunalt smitteoppsporing og smittevern.

Tilbodet om fyrstehjelpskurs til føresette vart avlyst i 2020 pga. omsyn til smittevern.

Vaksinering med sesonginfluensa, vart gjennomført i Utgard pga. omsyn til smittevern. Tenesta brukte mykje ressursar på planlegging og gjennomføring samanlikna med tidlegare år. (bilete 4)

Tenesta har teke i bruk digitale løysningar for å gjennomføre m.a tverrfaglege møter.

Helsesjukepleiar deltok i haust på opplæring i digital nettbasert individuell plan.

Tenesta har fokus på førebygging på individ- og gruppenivå. Helsesjukepleiar gjev rettleiing og støtte til m.a føresette, det er viktig å trygge og styrke føresette i deira rolle. (bilete 2 og 3)

Tenesta har gjennomført Cos-P kurs (foreldrerettleiingsprogram) ein gong i haust. Det var fyrste gongen helsestasjonane i Lom og Skjåk gjekk saman om å halde kurset. Tidlegare år har tilbodet i Lom vore 2 gonger i året, men grunna pandemi vart kurset om våren avlyst.

Tenesta vart deltakar i instagramkontoen "ungvaksen", i samarbeid med helsestasjonane i Skjåk og Vågå.

Fødselstalet i 2020 var 20. Det var ei auke etter siste 3 åra.

Tenesta søkte og fekk tildelt statlege midlar til styrking av lønsmidlar.

Kontakt

Liv Marie Øyjordet
Leiande helsesjukepleiar
Mobil 976 67 747
Stine Brenna
Helsesjukepleiar
Mobil 976 67 746