Miljøarbeidartenesta

 Miljøarbeidartenesta held til i Røyskattlia og Krokamyrvegen. Tenesta bistår personar som pga sjukdom eller skade har behov for bistand i høve habilitering, meistring, utvikling, tryggleik og trivsel.
Pratisk bistand og opplæring, Brukarstyrt personleg assistanse, støttekontakt og avlasting er tenester som er knytt til Miljøarbeidartenesta. Lom arbeidssenter er og ein del av Miljørbeidartenesta. 

Høgdepunkt 2020

  • Året 2020 vart, som for alle andre, prega av Covid-19. Våren vart brukt til fokus på endring av prosedyrar, rutinar og opplæring av dei tilsette. Miljøarbeidartenesta innførte bruk av arbeidsuniformer, og strenge hygienekrav på alle område.
     
  • I periodar har vi hatt heilt stengt eller redusert drift på fellesaktivitetar og Arbeidssenteret for å imøtekoma nasjonale og lokale smittevernreglar. Tenesta har så langt som mogleg prøvd å kompensere for nedstenging og reduserte tilbod med at vi har hatt fokus på individuelt tilrettelagte løysingar for den enkelte.
     
  • Tenesta fekk eit utbrot av Covid-19 i desember. Det var smitte både hjå brukar og tilsette. Utbrotet vart handtert på ein god måte. Alle nærkontaktar vart satt i karantene med ein gong, og utbrotet vart stoppa så raskt som mogleg. Personalgruppa stod samla og takla Covid-utbrotet på ein svært god måte.

Kontakt

Ann-Mette Fjeld Hoft
Leiar miljøarbeidartenesta
Mobil 474 53 241
Tildelingskontoret Lom og Skjåk
Mobil 948 48 724
Kathrine Brandsar
Tildelingskontoret Lom og Skjåk
Mobil 948 48 724