Fotturar med Lom nasjonalparklandsby som utgangspunkt
Frå Lom sentrum kan du gå mange flotte fotturar. 
Karta under finn du og på norsk, engelsk og tysk på ulike punkt i Lom sentrum, til dømes på Norsk fjellsenter og turistinformasjonen. (Med atterhald om tilstrekkeleg opptrykk.) 
Karta er oppdatert i 2023: 
Ein del av turane finn du og på 
www.ut.no. Lenka sender deg direkte til turane, alternativt kan du søkje på Lom nasjonalparklandsby.
Fotturar i Bøverdalen: 
Nedafor finn du turkart for Bøverdalen. Dette vart laga i 2010 og merkinga kan vere av varierande standard, så spør gjerne overnattingsbedriftene i området om tilrådingar før du legg ut på tur. 
Fotturar i Garmo: 
Turstigane i Garmo finn du ved å følgje følgande lenke: www.ut.no.
Sykling i Lom
I 2013 vart det laga ei sykkelbrosjyre med forslag til fire sykkelturar i Lom.
Dette kartet er tilgjengeleg på norsk og engelsk. Desse turane er ikkje merka.  
Ynskjer du å sykle Panorama Ottdalen, ein sykkelveg frå Lom til Otta, finn du meir informasjon om denne på Lommekjent: http://www.lommekjent.no/turer/946471
Denne turen er merka. 
Fisking i Lom nasjonalparklandsby
For fleire år sidan vart det laga ei brosjyre om fisking i nærleiken av Lom sentrum. 
Du kan skrive den ut i PDF-format her, men ver klar over at informasjonen kan vere utdatert: 
Fisking i Lom nasjonalparklandsby (PDF, 6 MB)
Sjekk elles ut heimesida www.inatur.no for meir informasjon om fisketilbod, jakt, hytter til leige m.m.
Gode tips før turen: 
GOD TUR!