Ergo- og Fysioterapitenesta Lom og Skjåk

Ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk vart organisert som ei interkommunal teneste i 1. mars 2021, med Lom som vertskommune. Det skal er likeverdige tilbod i dei to kommunane, med kontor og behandlingslokal i både Lom og Skjåk. Tenesta består av to ergoterapeutar og seks fysioterapeutar fordelt på 6,7 årsverk. Brukarane står fritt til å velje kva for kommune dei ynskjer oppfølging i.

Tenesta består av helsefremjande og førebyggande arbeid, habilitering og rehabilitering. Målet er å oppnå best mogleg funksjon i samband med skade eller funksjonssvikt gjennom kartlegging, trening, behandling og vurdering av kompenserande tiltak med tekniske hjelpemiddel. Tenesta behandlar enkeltpersonar i alle aldrar, men kan også jobbe helsefremjande og førebyggande mot enkeltpersonar, grupper og på samfunnsnivå. Tenesta samarbeider med mellom anna lege, helsestasjon, barnehage, skule, pleie- og omsorgstenesta, psykisk helse, hjelpemiddelsentralen og spesialisthelsetenestene.

Slik kjem du i kontakt med oss

Ein treng ikkje tilvising frå lege for å få oppfølging av fysio- eller ergoterapeut. Du bestemmer sjølv om du vil oppsøke oss direkte eller gå via fastlegen. Oppsøker du oss direkte er det vi som vurderer behov for tiltak. Om du treng akutt medisinsk hjelp må du oppsøke lege.

Vi prioriterer hastegrad på innkomne saker etter fastsette kriterium, og ventetida for oppfølging vil variere.

Pris

For fysioterapi er det eigenandelar for behandling etter fastsette takstar for alle utanom born under 16 år og personar som får behandling for godkjend yrkesskade. Les forskrifta om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi m.m. på Lovdata.no. Frå 1. januar 2021 er eigenandelstak 1 og 2 slått saman til eit felles frikort. Eigenandelstaket er kr. 2460,- per kalenderår. Sjå oversikt over eigenandelar på helsenorge.no  

Bistand og oppfølging frå ergoterapeut er gratis.

Artikkelliste